Bøker

 

Utfor
(Samlaget, 2011)

Utfor handlar om ungdommar med løyndommar, om å vere innafor og utafor, om naturvitskap og litteratur, om å kjenne på Newtons lover i kvardagen, om å vere nøydd til å ta eit val om kven du vil vere og om å møte ein gut med lyse krøllar, men sterke hender. Boka kan kjøpast på Samlaget sine sider eller … Continue reading Utfor
(Samlaget, 2011)

Monsterboka (medforfattar)

Eg blei svært glad då eg fekk spørsmål om å skrive ein tekst til Monsterboka, den fjerde boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. Eg skreiv om Ulukketrollet og professor Lomme, og det var stor stas å få skrive til born. Omtale frå forlaget (Skald) sine nettsider: «Monsterboka er ei fantasifull og fargerik bok for … Continue reading Monsterboka (medforfattar)

Svolt (medforfattar)

«Ein litterær antologi med nyskrivne tekstar. Skrivekunstakademiet i Hordaland har gjennom 30 år vore landets viktigaste institusjon for utdanning av nye norske forfattarar. Ei rekke av landets fremste samtidsforfattarar frå Karl Ove Knausgård til Gunnhild Øyehaug og Tomas Espedal har vore tilknytt skriveskulen på Verftet i Bergen. Skrivekunstakademiet markerer jubileet med ein litterær antologi med nyskrivne … Continue reading Svolt (medforfattar)

Steikje te styr (medforfattar)

«14 forfattarar og skribentar fekk stikkordet «Sunnmøre» og vart utfordra til å skrive ein personleg tekst. Fleire gjekk laus på den sunnmørske folkesjela og mytane kring den typiske sunnmøringen, andre skreiv noveller, dikt eller mimrar om barndomen. Her er sjølvsagt ball, mør og svele. Ein dose fest og spetakkel, såre og vakre barndomsminne, bryllaup, julefeiring, … Continue reading Steikje te styr (medforfattar)

Idealkadaver (medforfattar)

Det er ingen bak meg. Eg held hardare om geværet, går vidare rundt hytta. Snøskuteren står på skuggesida, under ein grå presenning. Eg dyttar borti han med votten, plastikken buldrar, frossen og stiv. Magnar har sagt eg burde teste skuteren no og då, for å vite at han fungerar som han skal. Ikkje i dag. Skuleåret 2010/2011 … Continue reading Idealkadaver (medforfattar)