Av og til

Av og til er du berre rar. Av og til har du festa kjolen i strømpebuksa på ein café og du oppdagar det først etter fleire minutt, på veg til disken. Av og til, eller same dag, på same café, strekker du deg med armane over hovudet, slik at du dunkar hendene i hovudet på… Fortsett å lese Av og til

Publisert
Kategorisert som Hugskot

Det rare ved det gamle nye

Brått er eventyret over. Vi er tilbake i Norge. Alt er nytt og annleis og veldig kjent. Å kjenne varmt vatn over fingrane når du vaskar hendene. Bilar som køyrer sakte og stoppar før du har komme til gangfeltet. Ingen kyssing når du møter kjentfolk. Bergen som du før syntest var ein fargerik by, er med… Fortsett å lese Det rare ved det gamle nye

Mysteriet med vatnet som rann oppover

På tur ned frå eit fjell i ein nasjonalpark nord i Portugal, såg bilføraren M brått eit mysterium ved vegen. I ei renne like ved trossa vatnet naturkreftene og rann oppover i lia. Då måtte bilen stoppast og vatnet inspiserast. God driv hadde vatnet òg. Vi fann vel inga anna løysing enn at det måtte… Fortsett å lese Mysteriet med vatnet som rann oppover

Gjennombrot!

I eit tidlegare innlegg skreiv eg kor galt det gjekk då eg prøvde å bestille frukost med ustø portugisisk på vår lokale café. I dag er soga ein annan. Vi har endeleg (etter i alle fall fem forsøk) funne ut korleis vi kan bestille det vi ønskjer og i dag gav alt uttelling: V har klipt… Fortsett å lese Gjennombrot!

Sove i trea

Kven har vel ikkje drøymt om å sove i trea? I påskeferien fekk vi besøk av ein god venn, M. Han er ein eventyrar, som har reist til nesten alle verdsdelar (utanom Oseania, inkludert Antarktis) og segla, dykka, kjørt, haika, flydd og gått frå eit land til eit anna. Då han skulle besøke oss i Portugal… Fortsett å lese Sove i trea

Blir ikke det fint da? Det er jo sånt du kan blogge om

Etter å ha gått opp og ned og rundt i Prìncipe Real ein kveld, foreslo V å gå innom ein ekstra park før vi snudde. Eg såg på klokka og spurde kvifor det når vi uansett ikkje fekk tid til å vere der så lenge, og i tillegg var dette ein park vi hadde vore i… Fortsett å lese Blir ikke det fint da? Det er jo sånt du kan blogge om

The question shocked her beyond measure

“But why shouldn’t you go outside?” she exclaimed, “It is perfectly legal, perfectly mechanical, to visit the surface of the earth. I have lately been to a lecture on the sea; there is no objection to that; one simply summons a respirator and gets an Egression-permit. It is not the kind of thing that spiritually… Fortsett å lese The question shocked her beyond measure

Det var den morgonen vi åt masse brød med enorme mengdar smør

Andre episode i livet til ein ignorant turist: For tida prøver eg å berre snakke portugisisk når eg skal bestille på café, sånn som i dag tidleg. Eg var glad då eg kjende att ordet for toast på ein plakat og såg bilete av toast med ost og skinke. Men først ville eg spørje om dei i… Fortsett å lese Det var den morgonen vi åt masse brød med enorme mengdar smør