Glass Town og ungdomsskriverier

Eg har nett lese ein svært fin teikneserie om fantasiverda til Brontë-søskena: Glass Town av Isabel Greenberg.

Først tok det litt tid å bli vand med skrifta og dei røffe teikningane, men så blei eg dratt inn og fascinert. Eg kjende meg att i dette å bygge opp eit (skriftleg) univers som kan verke meir verkeleg enn det verkelege, og kan vere ein trøyst når ein er einsam eller langt vekke.

Eg hadde ikkje Glass Town, men fjellandet Fjemol og ørkenlandskapet Hemjen, med folk som hadde namn som var lenger dess høgare status dei hadde. Eit univers med krigarar og hestar og sjøreiser og andre eventyr. Framleis har eg så tydelege minne frå dette universet og desse folka at det nærast er rart at det berre er eg som kjenner dei. Kanskje finn eg fram desse tekstane ein gong, og ser om det er noko der som kan leve vidare? Kven veit.

I Glass Town får vi ikkje berre innblikk i fantasiverda til søskena, men òg glimt inn i oppveksten deira. Det må ha vore tøft å vekse opp og miste så mange i familien; mor og to søstre. Dei fire søskena som var att, fann trøyst og spaning i å skrive og dikte historier. Seinare skulle dei tre søstrene debutere og skrive særs viktige litterære verk.

Eg hugsar eg las Jane Eyre av Charlotte Brontë på ungdomsskulen, og kan kjenne stemninga framleis. Det mørke og vonde, men òg kjærleiken, spaninga og gleda. Stormfulle høgder av Emily Brontë har eg ikkje falle like mykje for. Eg las ein del i den nye omsettinga til Skald, og synest den er svært godt skrive og omsett. Det er fascinerande å kjenne på alle dei store kjenslene, men eg blir ikkje gripen på same måte. Kanskje er det gjerne sånn at ein liker anten Emily eller Charlotte? Har du lese noko av dei, og har du ein preferanse?

Etter å ha lese denne teikneserien, får eg meir lyst til å lese litteraturen dei har skrive!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *