Ute i havgapet

For tredje gong er eg tilbake på Herøy, for å ha skrivekurs med åttandeklassingar. Det er stor stas å få komme tilbake. Då vi køyrde frå Hareid til Herøy på morgonen i dag, var det eit nydeleg blåskjær over fjella og eg innsåg at det er første gong eg kjem ut hit og det ikkje er tunge, mørke skyer på himmelen.

I dag som før skulle eg vere på rommet med det koseleg namnet: Loftet. Teknikken verka som han skulle og alt var klart i god før elevane kom. Det blei ei veldig fin morgonstund. Etter at eg hadde snakka kom ei jente bort. Eg skjønte først ikkje kva ho spurde om, for vanlegvis får eg spørsmål om skriving eller elevane deler si eiga interesse for skriving Men med kul på magen er det tydelegvis andre spørsmål ein får: Er det gut eller jente? 
Utafor vindauga var det nydeleg lys som spegla seg i vindauge og i isen.

Fordelen med å vere tilbake på ein skule eg har vore på før, er at eg faktisk klarer (så vidt) å finne fram til lærarrommet mellom øktene. Og denne dagen fekk eg den beste lunsjen eg har fått på nokon skule: Først spurde dei faktisk kva eg ønska meg, og så fekk eg nysmurte rundstykke frå bakaren. Grove rundstykke med gresskarkjerner og anna snadder. Luksus!

I dag hadde eg to grupper innom for skrivekurs, i morgon skal eg ha resten. Dette er noko av det gøyaste: å få lese og høyre elevane sine eigne tekstar. Fantasien dei har og motet til å skrive i veg om så mange forskjellige saker. Vi var innom både skrivespurt, personskildring, kjensleskildring og dialog. Då ein av elevane spurde om eg skulle ha fleire økter med dei, og eg svarte nei, sa ho: «Det var dumt, for dette var jo litt kjekt dette». Ah, det varma eit forfattarhjarte og konklusjonen er at denne  dagen var slett ikkje verst.

Det er alltid interessant å ha ein einsam kveld på ein liten stad. Eg fekk heldigvis sett meg rundt i litt dagslys – det er første gong i løpet av desse tre åra. Naturen er vakker, og eg fekk gått innom fleire butikkar. Mange butikkar som ikkje er tradisjonelle kjedebutikkar, og det var fascinerande å legge merke til kombinasjonane av innhald. Bokhandel med kontormøblar og vesker ein stad, plante- og gåvebutikk ein annan, kles- og leikebutikk trur eg òg det var. 

Nokså kaldt var det, med ein rå, gjennomborande vind. Men lysspelet varma. No gjenstår det vanskelege valet om kvar eg skal ete middag. Restauranten på bryggekanten, den vesle pizzasjappa eller hotellet? Vi får sjå.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *