Haust

Himmelen er gjerne grå og mørk og kvelden kjem raskare. Ei kappe blir slengt over byen like etter at arbeidsdagen er over. Men alle dei fine fargane. Og det fine lyset. Og gleda over glimt av blå himmel.

Og alle bøkene som har nådd bokhandel og bibliotek. Nett no les eg Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar, som hittil har vore svært spanande og lovande. Og lista er lang over nye bøker som eg ønskjer å lese. Då passer det jo med regn på ruta.

Kva bøker les du i haust?

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *