Blanke ark og blyantpenner

På veg gjennom Nygårdsparken, kom eg inn i eit opptog av studentar. Ein utvekslingsstudent frå Kina spurde om eg òg skulle på studentarrangementet. Ei stor scene var sett opp midt i parken og det var tydeleg at noko skulle skje. Eg kunne sagt ja, men nei, eg skulle berre opp gjennom parken, motstrøms, på eit tidspunkt gjekk eg forbi statsministeren vår òg. Frå ei bod delte dei ut paraplyar og skillingsbollar. Heller ikkje det kunne eg seie ja til, sjølv om eg hadde sekk på ryggen, for student var eg før, ikkje no lenger.

Og likevel, når eg har komme opp på Høgda klarer eg ikkje å gå forbi Studentsenteret. Eg snik meg inn på Akademika og ser på alle stablane med nye spiralblokker og markeringstusjar og ferske blyantar. Eg ser på pensumpakkar og hugsar gleda ved å kjøpe inn fagbøker  som eg kunne stupe ut i (og har gløymd kor mykje det svei for lommeboka).

Tidlegare var det dette som eigentleg var nyttår, med blanke ark og fargestiftar til. Ei forventning om alt som var framfor, noko anna enn året før. No har eg allereie jobba i fleire veker og har ikkje behov for nye spiralblokkar og pensumlitteratur. Og for det meste er det like fint, men nett desse første vekene, sitringa, forventningane om det som ligg framfor, det kan eg sakne.

For lenge sidan var dette meg, ved ein pult med kalkulator, spiralblokk og Matte3 som skulle forstås.

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *