Den er den tida på året: Innlevering av lærebøker

Då eg gjekk på vidaregåande, måtte vi kjøpe bøkene våre sjølv.

Den gongen jobba eg i bokhandel.

No då eg jobbar på eit skulebibliotek, låner skulen ut bøkene til elevane. Kvar juni er det like mykje sveitte, vonde skuldrer og handledd. Vi skal ta imot 9 tonn lærebøker, frå omtrent 1000 elevar.

Innimellom alle vondtene, er det faktisk ganske gøy. Vi treff så mange elevar og tida går fort, sidan det alltid er mykje å gjere. (Til og med sjokolade i kjøleskapet til stundene då energien når botnen.)

Og ikkje minst er det gøy når elevane villig stiller opp på film, for å minne om innleveringa.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *