Krafta i litteraturen

I løpet av den siste veka har eg sett fleire døme på krafta i litteraturen.

Til dømes den sterke historia til Salma. Ho elska å lese, og fram til ho var 13 var ho ofte innom biblioteket. Men så fekk ho sin første menstruasjon, og ho blei tatt ut av skulen og måtte vere inne heilt til ho gjekk med på å gifte seg. Heldigvis hadde ho ein storebror som gjekk til biblioteket for ho. Det er sterkt å lese at bøkene blei hennar måte å oppleve verda på. Dei fekk henne til å drøyme om eit anna liv:

Det var i bøkene jeg oppdaget at kvinner kunne være frie.

– Salma sitert hos NRK, basert på ein dokumentar om livet hennar

Salma blir tvunge inn i eit ekteskap og ektemannen liker ikkje at ho skriv. Likevel skriv ho dikt og gøymer bøkene forskjellige stader i huset, før ho til slutt blir avslørt og ektemannen kastar alle notatbøkene hennar. Han kjøper syre og seier at han kjem til å kaste syre i andletet hennar om ho ikkje sluttar med skrivinga. Salma er livredd, men å slutte med skrivinga er uaktuelt.

Salma fant stadig nye strategier for å få skrevet diktene sine. Hun skrev på toalettpapir, på avisene som grønnsakene var pakket inn i. Moren støttet henne, og hjalp til med å smugle diktene ut av huset.

– Henta frå NRK

Salma var på Norsk litteraturfestival på Lillehammer i år, det var òg den kenyanske forfattaren Ngugi wa Thiong’o. Han byrja å skrive bøker på engelsk , som var myndigheitenes språk, men gjekk seinare over til å skrive på morsmålet kikuyu. Grunnen var at han skulle skrive eit teaterstykke og publikum ville ikkje skjønne engelsk. Difor var det naudsynt å skrive på kikuyu. Men teaterstykket fekk styresmaktene til å plassere Ngugi wa Thiong’o i eit høgsikkerheitsfengsel.

Høg sikkerheit. Fysisk avstraffing. Fordi han hadde skrive eit teaterstykke på morsmålet sitt.

Ngugi wa Thiong’o bestemte seg då for å skrive vidare på morsmålet sitt og starta på ei bok. Seinare reiste han i eksil til USA.

Desse forfattarane minner meg på kor sterke ord og litteratur kan vere, og kor mykje nokre må kjempe for retten til å ytre seg. Eg er så takksam for at folk har tatt og framleis tar denne kampen.

 

 

 

Én kommentar til “Krafta i litteraturen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *