Turistmas og delt lesning

Inne i den väldiga romanska kyrkan trängdes turisterna
i halvmörket.
Valv gapande bakom valv och ingen överblick.
Några ljuslågor fladdrade.
En ängel utan ansikte omfamnade mig
och viskade genom hela kroppen:
”Skäms inte för att du är människa, var stolt!
Inne i dig öppnar sig valv bakom valv oändligt.
Du blir aldrig färdig, och det är som det skall.”
Jag var blind av tårar
och föstes ut på den solsjudande piazzan
tillsammans med Mr och Mrs Jones, Herr Tanaka och
Signora Sabatini
och inne i dem alla öppnade sig valv bakom valv oändligt.

Romanska bågar av Tomas Tranströmer

To ting om dette diktet.

Éin: Etter å sjølv ha vore den irriterande turisten i fleire månader, var det interessant å vere på andre sida då ei venninne gifta seg i ei kirke der turistane var oppsette på å komme innanfor, uansett kva som føregjekk i kyrkja. Vi kjem heilt frå Italia, sa dei. Vi er her berre nokre timar med ein båt, sa dei. Bryllaup, sa vi som stod i døra med bryllaupsprogram, nypynta og klare for bryllaup. Berre ein augneblink, sa dei. Berre for å sjå, litt, sa dei. Vi har komme heilt frå langt unna, sa dei. – Dette diktet minte meg på den situasjonen, og det ironiske at eg som turist gjerne ønskjer at det ikkje finst andre turistar, slik at eg ikkje treng å dele opplevinga med ei mengd andre.

To: Grunnen til at eg las dette diktet, var fordi eg var på eit seminar om Shared Reading. Å lese saman, gå sakte fram, smake på tittel, på line for line. Det viser seg at det å lese litteratur saman i ei gruppe kan ha gode helseeffektar. Folk som er syke på ein eller annan måte kan oppleve dette som eit frirom, dei treng ikkje å snakke om seg sjølv og samstundes så kan litteraturen verkeleg handle om livet. Det handlar ikkje om å analysere dikt, slik vi gjorde på skulen, leite etter den eine tolkinga, men oppleve diktet, la det vere «valv bakom valv» å oppdage, både i diktet, seg sjølv og andre. Vi var ei lita gruppe på sju personar og det var fascinerande kor mykje forskjellig vi såg i diktet. Nokre blei rørt, andre var distansert og fekk ikkje noko ut av diktet.

Foto: Vidar Flak

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *