Allmenn teori om glemsel

Like etter at eg kom heim frå Portugal, høyrde eg ei melding av den portugisiske boka Allmenn teori om glemsel. Handlinga var frå Angola og eg har blitt kjend med fleire frå Angola medan eg var i Portugal. Som om ikkje alt det allereie gjorde at eg ville lese boka, så var boka basert på ei sann historie om ei dame som sperra seg inne i ei leilegheit og blei der i 28 år. Tjueåtte år. I ei leilegheit. Åleine.

Dama heitte Ludovica Fernandes Mano og døydde i Luanda på Sagrada Esperança-sykehuset 5. oktober 2010, femtiåtte år gammal. I åra mellom 1975 og 2002, murte ho seg inne og blei i leilegheita. Medan ho var der skreiv ho dagbok og etter kvart, når dagbøkene var fulle, skreiv ho med kol på veggane. Ho overlevde ved å dyrke grønsaker på takterrassen og fange duer. Etter kvart som ho trengde brensel, brann ho opp alle møblane, bøkene, dører og dørkarmar.

Ho skreiv òg dagbøker etter at ho kom ut, og dette var grunnlaget for forfattaren José Eduardo Agualusa då han ville rekonstruere livet hennar. Men som han sjølv skriv i innleiinga til boka:

På sidene som følger har jeg brukt mye av hennes eget materiale. Det du får lese, er imidlertid fiksjon. Ren fiksjon.

Boka er ei magisk-realistisk forteljing frå Angola, som tar for seg tida frå Angolas frigjering frå kolonimakta Portugal til slutten av perioden med borgarkrig i 2002. Det er eit fascinerande innblikk i eit land eg visste alt for lite om frå før, og ei underholdande, vakker og lita bok med mange særeigne karakterar, i tillegg til Ludovica sjølv.

José Eduoardo Agualusa blei nominert til International Man Booker Prize 2016 for denne boka, og det er hans første bok på norsk.

Jeg frykter det som er på den andre siden av vinduene, frykter

luften som kommer inn i støt og blaff,

lydene de fører med seg. Jeg frykter myggen,

myriadene av insekter jeg ikke kjenner navnene på.

Jeg er fremmed for alt,

som en fugl faller i en strømmende elv.

Jeg forstår ikke språkene som kommer til meg utenfra, som ra-

dioen slipper inn i huset,

jeg forstår ikke hva de sier, ikke engang

når de snakker portugisisk,

for dette portugisiske språket de snakker

er ikke lenger mitt.

Selv lyset er fremmed for meg.

For mye lys.

Farger som ikke burde finnes i en riktig himmel.

Jeg er nærmere hunden min enn menneskene der ute.

– Frå Allmenn teori om glemsel av José Eduardo Agualusa. Oversatt av Christian Rugstad

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *