Av og til

Av og til er du berre rar.

Av og til har du festa kjolen i strømpebuksa på ein café og du oppdagar det først etter fleire minutt, på veg til disken.

Av og til, eller same dag, på same café, strekker du deg med armane over hovudet, slik at du dunkar hendene i hovudet på ho som sit bak deg. Ho hyler forskremt, noko som ikkje er rart når nokon plutseleg har dunka henne i hovudet.

Du har sjølvsagt på deg store høyretelefonar og seier unnskyld så høgt at alle høyrer det – alle som òg har høyrt hylet. Og du blir så sett ut at du ikkje veit kva meir du skal seie og håper at dama bak deg ikkje hatar deg.

Av og til er du ein stor klums, men det er sikkert sunt.

I det minste kan du late som om du er ein sånn der rar kunstnartype, som har lov til å vere ein sånn klums.

Håper eg.

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *