Det rare ved det gamle nye

Brått er eventyret over. Vi er tilbake i Norge.

Alt er nytt og annleis og veldig kjent.

Å kjenne varmt vatn over fingrane når du vaskar hendene.

Bilar som køyrer sakte og stoppar før du har komme til gangfeltet.

Ingen kyssing når du møter kjentfolk.

Bergen som du før syntest var ein fargerik by, er med eitt blitt meir blass, berre fordi Lisboa var så full av fargar.

Ingen pastel de nata, men heimelaga skillingsbolleis (frå Hallaisen i Skostredet).

Sola og den friske lufta og varmen i dagen, mindre kontrastar enn morgon og sol og skugge frå der du kom frå.

Å få oppleve ein vår nummer to.

Neimen så vakker Bergen, med sol og vår.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *