Gjennombrot!

I eit tidlegare innlegg skreiv eg kor galt det gjekk då eg prøvde å bestille frukost med ustø portugisisk på vår lokale café. I dag er soga ein annan. Vi har endeleg (etter i alle fall fem forsøk) funne ut korleis vi kan bestille det vi ønskjer og i dag gav alt uttelling:

V har klipt håret, og gått frå løvemanke til kortklipt og det la ei av damene på kafeen merke til. Ho peikte og klipte med hendene, smilte og sa fint!

Ah, det kjendest godt! No kan vi vel endeleg kalle det stamkafeen vår? 😀

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *