Sove i trea

Kven har vel ikkje drøymt om å sove i trea?

I påskeferien fekk vi besøk av ein god venn, M. Han er ein eventyrar, som har reist til nesten alle verdsdelar (utanom Oseania, inkludert Antarktis) og segla, dykka, kjørt, haika, flydd og gått frå eit land til eit anna. Då han skulle besøke oss i Portugal sa han: Eg tar med meg treteltet mitt!

Vi rekna med at det kunne bli kaldt om nettene, og måtte kjøpe inn soveposar og fylle sekken med alt vi hadde av tepper og dyner. Og, fornuftig som eg er, måtte eg sjølvsagt google farlege dyr i Portugal, før vi drog. Det første som kom opp som ein fare i Portugal var å bli dehydrert. Ok, det kan eg takle. Men eg måtte sjølvsagt grave djupare, og det såg ut som det finst éin dødeleg slange her, og kanskje nokre litt ekle edderkoppar. I tillegg til portugisiske krigsskip i havet. Men om det så finst éin, ytterst sjeldan, dødeleg slange her, så er han heilt sikkert reddare for meg enn eg er for han. Eg passa i alle fall på å trampe hardt i alt av ulendt terreng, så slapp vi å møtest, slangen og eg, til det beste for oss båe.

På jakt etter ein stad å sove, prøvde vi å køyre innom alle stikkvegar vi såg. Det leda oss ut i ulendt terreng, smale, grove vegar. Ein stad spratt ein stor stein ned på vegen like framfor bilen. Med hjartet dunkande ein smule hardare,  køyrde vi vidare, etter at V hadde brukt all krafta si på å dytte steinen ut i vegkanten. Men så oppdaga vi langs vegen det som ikkje var ein veg, berre eit trakk opp på ein haug. Sola tok imot oss på toppen.

På toppen stod trea vi trengde, i ein omtrent likesida trekant og frå kvar vår kant trekte vi seglet opp frå bakken og stramma til. Medan sola framleis var oppe, trengde vi ingenting anna, berre slappe av inne i ein skog, hengande mellom tre tre.

Før kvelden kom sette vi opp myggnetting og overtelt, slik at alt skulle vere klart. Heldigvis, for ein handletur, eit punktert dekk (skifta i mørket) og ein restaurantmiddag like før stengetid seinare, var vi slitne tilbake i leiren vår. Koseleg der inne, er det ikkje?

Og så skulle eg fortalt om fantastisk søvn ute i frisk, portugisisk luft. To ting gjorde det litt mindre idyllisk: Ein, ei kirke var svært iherdig med kirkeklokkene, for KVAR HEILE TIME gjennom HEILE NATTA, klang ho. Og to, mine to turkameratar hadde vore forkjøla ei periode allereie og denne kvelden byrja eg å merke kløinga i halsen. Eg hugsar godt at klokka klang, eitt, to, tre, fire, seks, sju, åtte. Kanskje klarte eg å sove der mellom fire og seks. Men det er i alle fall uansett fint å vakne ute, om det ikkje alltid er like lett å sove.

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *