Blir ikke det fint da? Det er jo sånt du kan blogge om

Etter å ha gått opp og ned og rundt i Prìncipe Real ein kveld, foreslo V å gå innom ein ekstra park før vi snudde. Eg såg på klokka og spurde kvifor det når vi uansett ikkje fekk tid til å vere der så lenge, og i tillegg var dette ein park vi hadde vore i tidlegare.

– Skal vi ikkje komme tilbake ein dag vi har betre tid til å faktisk vere der? sa eg.

– Er det ikke kult å gå innom flest mulig parker? Det blir fint, det er jo sånt du kan blogge om, sa han.

– Kvifor skulle eg blogge om å gå innom mange parkar?

Men det er visst slikt eg driv med. Så her er ei oversikt over parkane vi såg i går:

  1. Jardim Alfredo Keil
  2. Jardim Botânico da Universidade de Lisboa (berre utafrå, sidan han nesten var stengt)
  3. Jardín Príncipe Real
  4. Praça das Flores
  5. Jardim de Sao Bento
  6. Ein park like ved Palacete de são Bente langs Rua Imprensa à Estrela.
  7. Jardim da Estrela

Ein tenksom parknytar som har komme inn i sin sjuande park den dagen.

Inn i solnedgangen i Jardim da Estrela.

Ein glad treklatrar i Jardim Alfredo Keil.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *