Ein hemmeleg stad i Lisboa

Når sola strålar og det er ein fin ettermiddag og du trur det skal vere fint å vere i Belém og du ser eit oversiktskart med veg til eit miradouro, utkikkspunkt, for utsikt vil du ha og det er klart du kan gå oppoverbakkar, mange oppoverbakkar –

Belém, før oppoverbakkane.

Men når du skulle ha komme fram til utkikkspunktet og det berre er ein lang, høg mur, og du går langs muren til det som må vere ein park med utsikt innanfor og kjem til ein stor open port, så går du sjølvsagt inn og blir overraska av at ein mann, femti meter unna viftar peikefingaren mot deg og ristar på hovudet og når du prøver å gå nærare for å snakke med han går han ein annan veg. Litt sånn fram og tilbake, til du innser at du ikkje får gå vidare nedover i parken, og du er nokså sliten og varm og utan utsikt.

Så innser du at det ikkje er nokon grunn til å vere sint, i alle fall ikkje på parken og mannen, for det er tydelegvis ein botanisk hage av eit eller anna slag og det er klart at dei stengjer klokka fem, men kartet kan du vere sint på, for når det står miradouro så ventar du at du skal kunne gå til dette når som helst, tenk å stele utsikta frå ein stakkars gjennomsnittsturist (eg hadde kamera på magen og skamma meg, det er ikkje rart at dei som bur på typiske turiststadar blir slitne av å ha ignorante folk gåande overalt utan å kunne språket og dei berre krev å få komme inn i parkar kva tid som helst på døgnet).

I alle fall så søkte vi opp miradouro på google, og sjekka at det var døgnopent og venta på ein buss som kom kanskje sånn tjue-tretti minutt for seint, men det var varmt i sola og bakken var like bratt opp som ned, så det var eit slags utkikkspunkt i seg sjølv, det, vi kunne ane elva der nede.

Bussen hadde nesten akkurat ikkje plass til oss, full som ein ny pakke med tusjpennar, men vi fekk komme på og var glade for å ikkje måtte gå opp alle bakkane. Google sa vi skulle gå av bussen, og då gjekk vi av, på eit stopp ingen andre gjekk av på, og så stod vi på  ein aude landeveg med skog på alle sider.

Vi stoler på Google, i alle fall når vi ikkje har anna val, og gjekk nedover, gjekk forbi vegen han meinte vi skulle ta – og det var ikkje så rart, for då vi gjekk tilbake og såg, var vegen heilt gjengrodd. Vi kunne så vidt ane bilspor frå eit anna århundre. Vi gjekk på, muntrare for kvart steg, for skogslufta var frisk og klar – samstundes (i alle fall eg, med min fantasi) svært klar over at vi gjekk innover i ein nokså mørk og tett skog på ein skjult sti i eit framandt land utan å vite kvar vi var på veg.

Så byrja vi å sjå noko framfor oss, ein bil og eit bygg og ein port til noko anna.

Vi kunne gå under huset, ut i sola. Ein park med vatn og ender og utsikt til fleire sider. Og då var det slett ikkje så verst at vi ikkje kom inn i den stengte parken, faktisk var vi visst nokså heldige. På Google heiter staden Secret Spot, så kanskje er det ein stad som berre finst for dei som er slitne og svoltne på utsikt og har gått frå park til park, men ingen hadde plass i sine parkar.

Å sjå og nyte og lukte bartre og sitte i ro og gløyme at ein er ein uhøfleg turist som burde vite meir, berre vere eit menneske i solskin.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *