Årets bibliotek i Hordaland!

I går kveld blei biblioteket på Årstad videregåande skule kåra til Årets bibliotek i Hordaland! Dette har vore arbeidsplassen min dei siste to åra og det har verkeleg gjort at eg har fått auga opp for kor viktig det er å arbeide for gode skulebibliotek for alle elevar.

På måndag (20. mars) møtte kunnskapsministeren organisasjonar som Foreningen !les, Norsk bibliotekforening m.fl.. Organisasjonane ønskjer ei styrking av lovverket for skulebibliotek, for det er ikkje slik at alle elevar har gode skulebibliotek – nokre har fått gullbillett, medan andre må klare seg med ei tralle med bøker som står i ein krok.

Difor er det svært fint når eit skulebibliotek får tittelen Årets bibliotek, når skulebibliotek faktisk blir satsa på slik at det er muleg å gjere meir enn det aller mest naudsynte.

Det første eg la merke til, då eg byrja på Årstad, var engasjementet Eldrid og dei andre bibliotekarane hadde for elevane. Energien, stå på-viljen og kreativiteten. Eg fekk høyre om tider då dei (på grunn av bygningsarbeid) sat med hjelm i ein kjeller for å komme gjennom innleveringa. Eg høyrde om alle gongane dei kledde seg ut, til dømes når dei gjekk gjennom gangen med kappe og bjølle, og ropte Urein! Urein! Andre dagar då dei arrangerte internasjonal dag og elevar tok med seg mat frå Tanzania eitt år og Polen eitt anna. Og stuntpoetane som deklamerer med stor innleving på eit lærarrom, i ein gang eller midtvegs i eit møte.

I grunngjevinga til prisen står det:

Skolebiblioteket på Årstad videregående skole er skolens bankende hjerte. En skole som er mye bedre enn sitt rykte og hvor skoleledelsen fullt og helt satser på biblioteket som lærings- og møtearena.

Norsk bibliotekforening, avd Hordaland

Eg har innsett at eg har vore svært heldig, som får jobbe på ein skule som satsar på skulebibliotek. Eg har fått fridom og kreativt armslag, og det er gøy å vere på jobb. Mange skulebibliotekarar må jobbe åleine, men det å ha nokon å tenke saman med, er heilt sentralt for å utvikle gode pedagogiske opplegg.

Det hjelper ikke å kalle seg for «Norges mest velutstyrte skole» om en ikke satser på et velutstyrt skolebibliotek. Men det har Årstad videregående skole gjort og det setter både elevene og lærere veldig pris på.

– Norsk bibliotekforening, avd Hordaland

No då eg har eit lengre opphald borte frå jobb, tar eg meg i å sakne kollegaer og elevar. Eg har drøymt om biblioteket fleire gongar – gjerne at eg har forsove meg. Her er nokre bilete frå alt det kjekke som skjer på biblioteket vårt:

Vi har mange ulike opplegg på skulebiblioteket: Språkkafé, bokpratar og opplæring

 

Skrivekurs! Her med ei elektroklasse.

Det er gøy å prøve seg på bokfjes. Dette er eitt av dei beste bileta, der Ruth (elev) sette opp håret akkurat som på framsida av boka.

Thor Soltvedt skriv gode bøker om fotball for ungdom – han er lærar på skulen og har bøker som passer bra til bokfjes!

Kva er ein roman og kva er ei diktsamling? I samarbeid med studiesenteret har vi laga eit opplegg med konkrete oppgåver knytt til skjønnlitteratur og ulike abstrakte omgrep.

Rebusløp i biblioteket for å lære å finne fram.

Julekalender på instagram – elevjury kåra beste boktittel: “Thug life on Årstad”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *