Passe hipt på LX Factory

Ein liten busstur utanfor sentrum av Lisboa, under den store brua, har eit nedlagt fabrikkområde fått nytt liv. Det har blitt ein kreativ stad, med bokhandel, restaurantar, vintage- og kunstbutikkar . Det er tydelegvis ein stad som mange er innom.  Då vi gjekk langs gata og eg sa: Å sjå der og sjå der, sa V: Ja, sett det på Instagram allerede.

Fabrikkområdet er frå 1846 og var tidlegare ein tråd og tekstilfabrikk, Companhia de Fiação e Decides Lisbonense. Det industrielle området er på 23.000 kvadratmeter. No skal dette vere ein stad som tilhøyrer alle, for alle, står det på lxfactory.com.

Eg blei sjølvsagt forelska i bokhandelen, lagt til eit gammalt trykkeri. Ler Devagar heiter bokhandelen, og det betyr les sakte, noko som er fint berre i seg sjølv. I tillegg til hyller opp til taket, fulle av bøker i alle ulike kategoriar (diverre for det meste på eit språk eg ikkje kan – enno), var det ei utstilling av dei gamle trykkemaskinene, ein kafé, eit kinetisk teater og ein syklist med vingar på sykkelen. Ler Devagar har òg mykje kulturelle aktivitetar, som konsertar, skodespel, performance og kunstutstillingar – og kvar søndag blir det til eit marked med alt frå antikvitetar til urbant handverk og plantar.

Sånn skal gjerne ein bokhandel vere! Full av bøker og liv og kunst og pastel de nata.

Til slutt nokre fleire bilete frå denne staden som har sykkel og hól i veggen, bussar oppå containerar og bilete under bordet.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *