Sprudlande og gøy

I førre veke skreiv eg at det kan bli for mykje mørke og likesæle i bøkene eg les (noko eg ikkje trudde då eg var ung og bada i sånt) og eg var på jakt etter noko lysare og lettare.

Det har eg funne!

Tilfeldigvis såg eg eit intervju med forfattaren Ingunn Thon og eg blei glad av å lese det, av energien i det:

Dette er noko av det sjukaste eg har vore med på, og eg hadde ikkje trua eit einaste sekund i prosessen. Haha! Eigentleg heilt vilt at det gjekk.

– Ingunn Thon til Bok365

Det fekk meg til å ville lese boka hennar: Ollis!

Fin framside har boka òg!

Og no er eg i gang. Frå første side var det som eg håpte: eit sprudlande, energisk språk! Eg liker den lett surrealistiske humoren og teikningane er gøyale. Perfekt som friskt pust innimellom meir dystre bøker.

 

 

3 thoughts on “Sprudlande og gøy

  1. Ingunn Thon says:

    Wææ! Så utruleg koselig! Tiotusen hjarter til deg <3

    Helsing Ingunn "googlar si eiga bok for å sjå om nokon seier noko" Thon

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *