Kaldt ute, kaldt inne, kaldt i nesa, kaldt på kinnet

Vi er midt i den portugisiske vinteren. Myndigheitene (eller var det mediene?) gjekk visst ut med varsel om at det kom til å bli kaldt i dag og at svake og eldre ikkje burde gå ut. Ikkje at eg forstår det, for det er vel så kaldt inne.

I går var vi på lønningspils med Cowork-kollegaene våre (det vil sei lønnings-vin og -ost) og då fortalde dei at det er fleire som har dødd i Portugal på grunn av at det er for kaldt inne i husa. Det viser seg at det er svært kostbart med elektrisitetet og få vil prioritere å bruke pengar på å varme opp huset. – Og vi tenkjer eigentleg at det alltid er sol her, sa ei.

I Bergen ville vi sjølvsagt aldri fått eit varsel når yr melde 10 grader og regn, men kulda kjenst annleis her i Lisboa. Det er ekstra kaldt når det ikkje er nokon stader som er varme – verken kafear eller baderom. V har pådratt seg ei koseleg forkjøling og ligg og hostar under dyna. Vi er heldige som kan ha varme heimar vanlegvis. Når vi vaknar her er det fullt av dropar på innsida av vindauget – og dråpane er der visst framleis, ser eg no.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *