Ein grafisk by

Vi gjekk på måfå oppover og nedover i Lisboas gater, då V med eitt la merke til skrifta på veggen innanfor ein boga port. Det viste seg at innanfor var det eit museum som viste den grafiske skiltarva til Lisboa. Utstillinga viser fram skilt og fonttypar som er utdøyande, som har blitt tatt ned frå veggen der dei hang og gav meining. Fleire av glasskilta blei berre knust når dei blei tatt ned.

MUDE hentar fram skilta og viser at kommersielle og industrielle skilt er kulturarv, og ein del av byens grafiske hukommelse.

Det er spesielt fint å gå på ei slik skiltutstilling med V, for begeistringa hans smittar. Han peiker på finurlege bogar og strekar som er rette (her skulle eg sett inn ein heil del faguttrykk som V brukte, men så godt følgde eg visst ikkje med …) – det kan gå over hovudet mitt når det blir på det mest detaljerte, men det er gøy å høyre om likevel. Og sjølv om eg ikkje får med meg alle dei fontastiske finessene, er det ein visuell fornøyelse uansett.

Viss du er i Lisboa, så er det vel verdt ein tur. Kven vil ikkje stå ved sidan av meterhøge bokstavar? Og nemnde eg at det var gratis?

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *