Banned books week

Frå 27. til 3. oktober blei Banned books week feira mange stader i USA. Det er The national book community si årlege feiring av fridomen til å lese. Hundrevis av bibliotek og bokhandlarar set fokus på problema knytt til sensur. 

Eg kjende ikkje til denne veka, før eg byrja å jobbe deltid på eit bibliotek. Og det var spanande å prøve å lage til ei utstilling som kunne få elevar til å forstå at det framleis finst sensur av bøker i fleire land, og at ytringsfridom er noko ein framleis må kjempe for. 

Det blei ei annleis utstilling på biblioteket, med sperreliner og skilt med «farlig litteratur. Adgang forbudt.» I tillegg til at forbudte bøker, som har vore forbudt i ulike land av ulike årsaker, hadde eit band rundt mage der det stod: “Forbudt”, “Ikkje rør!”, “Hald deg unna!”. 

Og det fekk elevane til å lure. Kvifor har Alice i eventyrland vore forbudt? Kan eg låne 1984, eg har alltid tenkt at eg ønska å lese den boka? 

Ein elev tar borti ei bok der det står “Ikkje rør!” og spør: Kva skjer no?  

Det var fint med nysgjerrige elevar, som stilte spørsmål og reflekterte godt rundt sensur og ytringsfridom. 

På varselsskiltet står det: «You Must Be Able To Think For Yourself To Read These Books». 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *