Coffices i Bergen: Christie café (Godt brød)

Ope: 10-15 (mån til fre)
Muséplassen 3, inngang frå Olav Ryes vei

Internett: Ja
Storleik på borda: God, både vindaugsbord og større bord
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Står pil til disputas i eit anna rom, ei gruppe menneske minglar i nærleiken, god stemning
Dagens kaffe: 34,-

Det var tilfeldig at eg kom innom den nyopna Christie café i etasjen under universitetsaulaen. Eg var eigentleg på veg heim, men så stod det eit skilt som vekka mi nysgjerrigheit: «Godt brød – velkommen til vårt matverksted». Eg forstod ikkje heilt kva verksted ville tyde, og gjekk difor inn i muséhagen og opp og inn i bygget.

Det viser seg at cafeen opna i går. I dag er det tydelegvis disputas i aulaen, og på eit tidspunkt stimer folk saman i lokalet. Det verkar som alt gjekk bra, for eg høyrer gratulasjonar bak meg. Dessutan er det høg applaus på eit tidspunkt. Cafeen har elles ikkje nokon bakgrunnsmusikk.

Noko matverkstad oppdagar eg ikkje, men Christie café viser seg altså å vere Godt brød. Eg har ikkje tidlegare meldt Godt brød i denne serien, fordi dei, i alle fall ved Vaskerelven, har skilt på borda om at ein ikkje skal sitje der og studere. Enno står det ingen slike skilt her, og det var veldig fine vindaugsplassar med stikkontaktar under benken som passer ypparleg til jobbing. Men det spørst om det vil halde fram med å vere ein stad der det er greitt å jobbe. 

Det er eit flott, ope lokale med internett og gode bord, så alt ligg til rette for at dette er eit bra coffice, utanom opningstida som er veldig kort (10-15). 

Uansett var det ei hyggeleg overrasking å plutseleg ende opp her inne, og det er ikkje dumt å kunne sjå utover muséhagen, når eg løftar blikket frå dataskjermen. Dessutan er eg blitt veldig glad i universitetet og studentliv, så det gjer sikkert at eg trivst litt ekstra godt. 

(Dette er femtande kafé i serien Coffices i Bergen)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *