Coffices i Bergen: Colonialen i Strandgaten

Ope: 8–18 (laur: 10–18)
Strandgaten 18, 5004 Bergen

Internett: Ja
Storleik på borda: God, men nokså få bord
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Radio i bakgrunnen og mange bakervarer = god stemning
Dagens kaffe: 42,-

image

Colonialen i strandgaten hadde eg ikkje tenkt på at kunne vere eit Coffice, men dei har både internett og stikkontakter. Med store vindaugsflater til gata, er det eit ope og lyst lokale. I tillegg er det fullt av fristande bakervarer på disken, og eit stort utval drikker og grønsaker. Det er berre to, nokså store bord i lokalet, i tillegg til vindaugsplassar. På starten av dagen gjekk det fint å okkupere eit bord, men det kan vere det vil kjenst meir malplassert seinare, om det blir stort press på borda. Men det er muleg å kjøpe presskanne med kaffi, så då har ein i alle fall kaffi for ei god stund. 

I bakgrunnen stod radioen på. Folk kom og gjekk, fleire skulle berre kjøpe noko utan å bli sittande. Det var stas å sitte på ein skikkeleg kolonial, men litt skummelt òg, sidan det var lett å få lyst på det meste dei hadde (prisane var ikkje låge). 

image

Denne gongen hadde eg to ekspertkommentatorar, L og V:

L: Eg likte korsen da ser ut, lokalet, og opne, store vindu. Var innom ein gong, og då såg eg ein tv2-kjendis.

V: Det må du få med, Sunniva.

V: Kult rom, sted, fin løsning, spennende, føles litt som om man er i New York eller København (har ikke vært der da, men)*

L: Barnevennlig, med barnestol.

V: Lyst og trivelig, enkelt og elegant, gjør seg med plantene. Moderne.

*V meiner det er viktig å presisere at han har vore i NY, det er berre i KH han ikkje har vore. 

image

I tillegg til desse positive kommentarane, såg det òg ut til at dei båe fekk jobba godt der. 

Eit ekstra pluss – for reisande mennesker: Dei hadde det som såg ut som eit internasjonalt støpsel.

Minus er prisane, at det er litt få bord og er du ein frysepinn kan det vere lurt å ikkje sitte like ved døra. 

(Dette er fjortande kafé i serien Coffices i Bergen)

image

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *