Coffices i Bergen: Amalies hage

Ope: Til same tid som resten av Bergen offentlige bibliotek (sjekk tidspunkt)
Strømgaten 6, 5015 Bergen (inne i sjølve biblioteket, inngang ovenfor storsenteret)

Internett: Ja, men litt vanskeleg å få logga seg på
Storleik på borda: Bra, for det meste runde.
Stikkontakter: Ja.
Atmosfære: Litt meir snakkesalig enn på biblioteket elles, men roleg bakgrunnsmusikk. Bokhyller er alltid fint for atmosfæren.
Kaffe: 29,-

image

Eg var spent då eg høyrde at det var komme ein ny kafé på biblioteket, og den må ha poppa opp i løpet av svært kort tid, for det er ikkje lenge sidan eg sat same stad, og då var det berre arbeidsbord og bokhyller rundt. No var det disk med croissanter og kaker på, bakom var skapa fulle av glas og likørar og fat og fjøler.

Utanfor var bergenssommaren med kraftige regnskurar og mjølkekvit himmel. Kafeen var godt besøkt, både av barn og vaksne.

Internettet verka lunefullt, og eg veit ikkje heilt om eg klarte å logge meg på eller ikkje. Eg forsøkte med lånekortnummeret mitt, men fekk feilmelding om at dei ikkje klarte å finne MAC-adressa mi – og det, fann eg ut, har visst ikkje noko med å gjere at eg sit på ei Mac-maskin, forvirrande nok. Så fekk eg visst internett likevel, utan at eg veit heilt korleis, og då fungerte det fint.

Etter kvart kom det på litt stemningsfull jazz, som la seg roleg i bakgrunnen. Og det var ei god oppleving å vere på cafeen, men eit stort minus er at det kostar fem kroner å gå på do. 

image

Ekspertkommentar frå V:

– Føles bra. Lett og luftig, også ligger det sentralt og midt i et bibliotek. Det er fint med bøkene rundt og at det er mange forskjellige typer folk her. Det er kanskje ikke kjempelett å få den dypeste konsentrasjonen, men føles som et livlig sted, mye som skjer, og det er bra.

– Det er morsomt at de serverer bagels, og andre hippe ting. Jeg har en fordom om at bagelsene ikke nødvendigvis er de beste, men så leste jeg jo tidligere i dag at til og med ikke i California klarer de å lage like gode bagels som i New York så … Men hvem vet.

(Dette er trettande kafé i serien Coffices i Bergen)

image
image

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *