Feberfantasy

Sjangeren eg likar best når eg er forkjøla, er fantasy, når hovudet er tungt og kroppen litt ekstra vanskeleg å røre på. Første gong eg las Ringenes Herre hadde eg feber. Det var ei sterk oppleving å forsvinne heilt inn i Midgard, i ørska, kaldsveitte når orkane nærma seg, gråte fortvilt når det verkar som om Frodo døyr. 

I fantasy kan eg komme meg bort frå her og no, inn i ei ny verd, der ting er litt meir svart og kvitt. Ei verd der nokon skal rette opp det gale, det som kan bli frykteleg gale, om ikkje nokon står opp og gjer det dei skal gjere og kjempar mot det onde. 

Denne gongen har eg henta fram Vindeltorn, ein norsk fantastyroman eg lenge har ønska å lese. Boka blei utgiven på engelsk først, sjølv om forfattaren er norsk. Berre det er ei bragd i seg sjølv, og boka fekk gode meldingar. Cathrine Krøger i Dagbladet meinte at alt klaffer i Tone Almhjells eventyrlige debutbok. 

Så eg forsvinn inn i eventyrverda, der kjæledyr som har døydd frå vår verd, går rundt på to bein og treng ein Vindeltorn til å redde seg. 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *