Bok til påske

Endeleg er det ferie. Det er regn på ruta og tid til å lese bøker. 

Ei av bøkene eg held på med for tida, er Klokken og sengen av Eline Lund Fjæren. Det er ei bok eg ikkje har lyst å lese for mykje i om gangen, fordi eg vil at boka skal vare. Viss eg skal lese i ho, vil eg helst ha post-it-lappane nærme og ei notatbok i tillegg. Eg vil lagre nokre av dei mange fine setningane som finst i boka. Boka gir meg nye auge å sjå verda rundt meg med, og nye øyre å høyre med, nett slik språket kan gjere på ein fin måte. Til dømes slik Fjæren skildrar lyden av å ta bilete med eit speilreflekskamera som «å høre en bille bli knust idet han trykker ned knappen» (s. 16)

Jeg svetter igjen. Håret er et kløende plaster.» (s. 17)

Det er langt frå ein påskekrim. Men saktelesning kan gjere seg like godt innanfor regnvåte glas. 

På kinnet hans har en øyevipp festet seg, den ligger der som en halvmåne i ansiktet, glir langsomt ned, før den i et kort fall lander på haken, et mikroskopisk fippskjegg. (s. 45)

Kva les du helst i påska? 

image
 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *