Ope: 9–18 (laur&søn: 10–18)
Kong Oscarsgate 10, 5017 Bergen
Internett: Nei
Storleik på borda: Grei
Stikkontakter: Nokre få
Atmosfære: Litt bråkete musikk til tider, elles fin stemning
Dagens kaffe: 30,-
Utafor er det skikkeleg bergensvêr. Det er haust, og godt å få komme inn i varmen.
Etter at eg byrja på mitt Coffices i Bergen-prosjekt, har eg høyrt svært mykje om Vågen Fetevare. Men denne kafeen var lagt ned før eg starta med meldingane mine. Når eg då fekk vite at BKB hadde flytta inn i dei gamle lokala til Vågen Fetevare, var eg spent på å vitje staden – spesielt sidan eg treivst veldig godt på Bergen kaffebrenneri ved Nygårdsparken.
Tidleg på formiddagen er det roleg i lokalet. Rommet strekkjer seg langt innover. Her er stol og bord, eller du kan runde hjørnet og sette deg i ein sofa. Eg syntest eg overhøyrde nokon som sa at her kunne ein ta med seg eigen mat. Det er i så fall eit pluss.
Det største minuset her var at det ikkje var internett. Men då er det verdt å merke seg var, for no skal både BKB Vågen og BKB på Møhlenpris ha komme over i dataalderen. Hurra!
Ekspertkommentator, June, kjem med følgjande kommentarar:
Fint å sitte og jobbe, litt støyete. Litt irriterende musikk av og til.
Bra do! Men kunne vært skilt på den, gikk inn på lager først. Alt i alt bra.
Musikk spelt over anlegget:
New Slang – The Shins
Alleyway – Life In Film
Going Out – Hospitality