Kollektivliv

Snart skal eg avslutte mine fine år i eit firemanns kollektiv. Det er spesielt og svært gøy å kunne bu saman med folk på den måten. Anbefalast.

Lat meg berre nemne noko av alt det fine ein kan gjere i kollektiv:

  • Vere saman om å lage kjekke festar, og invitere kjøkken og stove, soverom og bakgard full av folk (på ein syttande mai kom over 80 gjestar). Ein annan gong var det så fullt at folk stod inne på vaskerommet, og i mellomrommet mellom komfyr og vegg (ca 20 cm). 
  • Finne på at vi skal lage eplekake ein heilt vanleg tysdag, berre fordi vi har lyst på noko godt. Då det har blitt alt for seint på kvelden, er kaka endeleg ferdig og vi ser ein episode av Downtown Abbey saman.
  • Lære triks og tips om groing av grønsaker. Ja, for kven visste at ein kan sette purra i eit glas med vatn, og så vil denne halde fram med å vekse og du vil ha purre i lang tid framover? Og avocado-steinen kan bli til eit vakkert tre. Men eg trur mulegvis at vår avocado-stein (som har hamna innpå vaskerommet i håp om at meir varme er bra) er eit håplaust tilfelle, for der skjer det ikkje mykje. 
  • Lære nye matrettar. Til dømes når bananpannekaker blir ein slager, og tre av fire lager det omtrent kvar dag i fleire veker. Billig, enkelt og mettande – perfekt for studenten. (Ja, du vil kanskje gjerne ha oppskrifta? Mos éin banan, rør inn eitt egg og fyll på med havregryn til røra når eit metningspunkt)
  • Ha spontan fellesmiddag (eller endå betre: Komme sliten heim, grueleg svolten, og få spørsmålet: Vil du ete lasagne med oss?)
  • Lære å hekle gryteklutar med hjartemønster, og sitte oppe for lenge berre for å hekle ferdig ein vanskeleg kant.
  • Få dårleg samvit for at ei anna i kollektivet er svært flink til å trene, og i beste fall tar du det som ei oppmuntring til å henge deg på trenden.
  • Ha nokon å diskutere med, gråte med, bli trøsta av og le med. Det kan bli mykje latter. Og det kan bli fosterstilling på golvet. Det er lov (dette gjelder kanskje først og fremst for jentekollektiv). 
  • Viss du blir dårleg, kan nokon av dei andre gå på butikken for deg. Og om du midt på natta kjenner at du må ein tur til legevakta, kan nokon følgje deg.

Nokre få utfordringar finst det òg, til dømes det å måtte klare seg med ei lita hylle i kjøleskapet og endå mindre plass i fryseren eller det å ha svært ulike innetemperatur-preferansar. Men først og fremst er det kjekt å ha folk i leilegheita som ein ikkje har på besøk. Føler ein for å vere sosial, er det sosiale lett tilgjengeleg. Har ein lyst å vere åleine, kan ein gå inn på rommet. Det er fint å vakne og gå ut på kjøkkenet der det allereie er nokon som steiker bananpannekaker. Eller så kan ein slappe av ein kveld med Ylvis på skjermen, gjerne med nylaga kakao i koppen. 

Mykje meir kunne vore nevnt. Det blir trist å forlate dette flotte kollektivet, men eg er viss på at det vil halde fram med å vere flott – og eg vil tru det vil vere opning for å komme på besøk.

Til sist deler eg ein av purrene som har stått i vindaugskarmen vår. Eit usminka bilete, for det er lov å vere både usminka og sminka i eit skikkeleg kollektiv. 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *