Fine bøker og sosial distribusjon

I år var eg på mitt første “Bergen Art Book Fair”-arrangement (eller BABF som insiderane seier). Det var svært interessant og spanande. Først leste Frode Grytten opp frå boka “Det norske huset”, og så snakka Peter Bil’ak om magasinet Works that Work (abonnement på bladet hamna raskt på ønskjelista mi til jul). Så mange spanande artiklar, og ikkje minst var det interessant å høyre korleis dei klarte seg utan å vere dominert av reklame. 

Dessutan viste dei ein ny måte å tenkje distribusjon på. Kan ein kutte ut alle ledda mellom magasinlagarane og lesarane? Jaudå. Det går òg an. Berre sjå denne filmen som forklarar ein annleis type distribusjon. Ein distribusjon der mesteparten av pengane hamnar hos dei som har laga bladet, i staden for i lomma til ein perifer distributør: 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *