Det kjendest nærast litt for privat å sjå innsida av nokon annan si datamaskin. Vi kunne konstatere at førre eigar nok pleidde å ete med dataen. Det var brødsmular under m-en, og sannsynlegvis kaffi som hadde blitt sølt utover bordet og trengt seg inn på undersida. 

Ved hjelp av kondensert luft kunne vi gå i gang med det eigentlege oppdraget: å støvsuge – eller meir rettare – å støvblåse innsida. Spesielt veifta. Har du opplevd at datan din plutseleg byrjar å hisse seg opp, blir varm og bråkete? Kanskje prøvde du berre å starte ein video, eller køyre videoen i fullskjerm? Jau. Då kan det hjelpe å ta bort støv frå veifta. 

Kor mykje tid brukar vi ikkje framfor datan vår? Kor mykje har datan min samla inn av informasjon om meg? Alle samtalane eg har med venner, over epost og Facebook. Alt eg har klikka på, av annonnser, artiklar. Eit kart over mine tankar og assosiasjonar. 

No skriv eg om ebøker og tradisjonelle papirbøker. I ei papirbok kan du sjå spor etter førre lesar. Naglemerker i teksten, eseløyrer eller stader i boka som slår seg opp automatisk fordi akkurat desse sidene har blitt lese så ofte. Det kan vere skrift i margen. Ei kjærleikserklæring i starten. No har eg fått auga opp for at ei datamaskin kan skjule liknande spor, også fysiske. Det er ikkje så rart. Apple har òg kalla det ein MacBook. Ei bok full av notatar, filmar, venner, aviser, spel, musikk og bøker.

Rart.

Det kan anbefalast å ta turen inn i ei datamaskin.

Og om du lurer, så gjekk veifta stillare etter støvtørkinga.  

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *