Hausten har inntatt blada. Kvar haust ønskjer eg at eg var ein poet, og kunne skildre denne fine tida med vakre ord. I staden får eg gå rundt og nyte synet, lydane og luktene. Og finne nye bøker.
For hausten kjem, og bøkene fell inn i butikken. Her er nokre av dei bøkene eg gler meg til å lese i haust. Gler meg til å lese, sjølv om eg eigentleg burde bruke all tida mi på å skrive master.
Asfalten har eit dekke av løv, som raslar så fint rundt føtene. Lyset er oransje og like skarpt som lufta. Eg såg og tenkte cirka det same i fjor, men det er like fint, ja, kanskje finare, i år.