Då vaktmeisteren blåste på fuglen som hadde kræsja i vindauget og andre historier frå livet på tur

image

No har eg vore på vegen i over to veker. Eg sit att med minne frå svært mange hyggelege skulebesøk, elevar som er meir og mindre interesserte i å lese og skrive, og innsida av mange lærarrom. Autografhanda har ikkje akkurat slite seg ut, men fint er det når ein ung elev, etter å ha tenkt seg om, kjem springande etter meg med skriveboka si og spør om eg ikkje kan vere så snill og skrive autografen min. 

Vanlegvis når eg snakkar til elevane, er dei stille og lyttar. Men i ein av timane på måndag blei ein liten gjeng jenter plutseleg full av latter. Eg la merke til at vaktmeisteren køyrde forbi utafor vindauget, men skjønte ikkje heilt kvifor dette var så morosamt. Eg hadde nett snakka om at eg synest det er fint å legge merke til ting rundt seg, når ein skal skrive, så det kunne jo argumenterast for at desse gjorde nett det. Då eg var ferdig kom jentene bort til meg, for å forklare kvifor dei hadde ledd. 

Og det viste seg at det var ei heil lita historie som hadde gått føre seg der utafor auditoriet: 

Fuglen som kræsja i vindauget og blei blåst på av vaktmeisteren

Ein fugl kom flygande og såg ein gjeng elevar inne i auditoriet, og hadde kanskje lyst å vere med. Det han ikkje visste var at mellom oss og han sjølv, var det tjukke glasplater. Han flaug rett på vindauget, og fall ned på bakken like før vaktmeisteren kom rundt hjørnet på ein eller annan doning med hjul og sete på. Vaktmeisteren hadde sett fuglen, og no stoppa han opp, løfta opp det vesle nurket i hendene sine og blåste på det. 

Så la han fuglen tilbake på bakken. Det er her historia spissar seg til. 

Vaktmeisteren måtte arbeide vidare, og køyrde ein runde rundt skulen. Elevane kunne høyre han komme ein gong til, og like utafor vindauget sakna vaktmeisteren farta, såg fuglen, og passa på at fuglen ikkje blei påkøyrd. Dette skjedde to gongar. Vaktmeisteren køyrde rundt og rundt, fordi han måtte gjere vaktmeistersaker.

Men så, plutseleg!

Svinga han rundt hjørnet igjen, og kom til å køyre over fuglen som han hadde vore så forsiktig med. 

Det er alltid ei historie å legge merke til. Denne var nokså tragisk. 

I går køyrde eg over Stranda-fjellet i tjukk tåke. I dag hadde himmelen klarna opp, og viste hausten sitt inntog. Og det er det som viser seg, sjølv om denne kultursekkturneen foregår på Sunnmøre, kjem det finevêr til slutt. Etter regn, tåke og vind, blir skyene skyvd vekk til fordel for blå himmel og varmt solskin. Kvar gong kjenst det like stort. 

image

image

image

image

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *