Turnéliv

Statusoppdatering på kultursekkturneen:

  • Dei siste tre dagane har eg vore i over ti kommuner
  • Dei siste tre dagane har eg tatt ferge ni gongar
  • Eg har køyrt meir samanhengande enn nokon gong tidlegare
  • Eg har køyrt feil og plutseleg vore i Sogn & Fjordane
  • Eg har møtt svært mange hyggelege elevar og lærarar

Dagen i dag:

Brattvåg – Vatne – Haramsøy – Ulsteinvik

Eg trudde hausten hadde komt på skikkeleg, men neidå. I dag lyste sola, sprakk opp skylaget og opna verda. 

Det har vore ein svært oppmuntrande dag. Elevane var fulle av spørsmål, og det var kjekt å få høyre at mange av dei er byrjande forfattarar, at dei skriv godt og er glade i å lese. Ein av elevane spurde kvifor eg tok bilete av gangen deira. Dette er grunnen:

Sjølvsagt var det på ein onsdag at eg skulle over til Haramsøya, for då viste det seg at fergerutene var ekstra spesielle. Klarte eg ikkje å rekke ferga som gjekk like over ti, kunne eg berre gløyme å komme meg dit i tide. 

image

Men det gjekk, med god margin. Eg køyrde langs kystvegen, og det var så mykje nydeleg å sjå. På ferga måtte eg som einaste passasjer bli med fergemannen opp på billettkontoret, sidan eg skulle betale med kort. Han lurte på om eg var ein av arkeologane. Ja, for han kjende igjen alle dei andre på ferga, visste som regel kven dei var, sa han. Eg kunne kjøpe tur-retur-billett, for «det e ej som vil vere her", sa han. Så då gjorde eg det. 

Det var tydeleg at dette var ein stad der alle kjente alle. Inne på Coop verka det som dama bak kassa kjende alle på fornamn. Og alle på butikken såg forskande på meg. Svært vennlege, men sikkert litt undrande. Kven er dette?

image

Lunsj åt eg ute på ein molo, med ei einsleg måke til selskap på andre sida. Eg hadde god tid (sidan ferga gjekk så sjeldan, hadde eg mange timar å slå i hel) og gjekk på sightseeing. 

image

image

image

Det kjendest litt ekstra spesielt å vere ute på ei av øyane ute i havgapet på Nordvestlandet, sidan det er på ei slik øy handlinga i debutboka mi foregår. I Utfor finst det ei øy som heiter Ytsteøya, og ligg ytst ute. Kanskje høyrest det merkeleg ut, men eg blei mint på alle karakterane og stadene frå denne boka, dei kom litt nærare meg medan eg var der. Difor var det òg ekstra fint å få snakke med elevane. Ein fin liten gjeng, som kom med gode spørsmål og spurde kvar dei kunne kjøpe bøkene.

Det var ein av fleire grunnar til å kjenne seg heldig i dag. Ein annan var at eg skulle til Skjelten og ikkje til Kjerstad. 

(La meg ta ein avstikkar, til ein av dei andre dagane, då eg klarte å kvele motoren ved ombordkøyring, og mesteparten av køa køyrde forbi meg. Eg har altså meir enn nok med å skulle køyre på ferga riktig veg)

image

Måkeskrik. Skiftande vêr. Frisk luft. Koselege hus. Blomster i beda.

Ein fin stad, dette. 

image

Men ein må komme seg av garde. Eg skal vidare, må vite. Endå ei ferge. Og for første gong på turen kjøpte eg ei svele. 

(Avstikkar nummer to: Tidlegare i sommar kjøpte eg ei svele i Sogn & Fjordane. Dei er ikkje like gode.) 

image

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *