Dag 1 med kultursekken

Det skal vel ikkje berre gå glatt første dag på turné. Det er godt poloen min, Pollyanna, er optimist, så eg prøver å lære av ho. Det var i alle fall ein svært vakker morgon som møtte meg utafor døra. 

image

(Eg har vakse opp med denne utsikta, likevel kan ho dra pusten ut av meg. Eg har svært mange bilete av nett dette utsnittet, men eg klarer ikkje la vere å ville dele eit slikt syn)

Pollyanna og eg køyrde av garde, og det var først etter at eg hadde parkert på ein parkeringsplass som var herleg (og urovekkande tom?) at ting byrja å ikkje gli så glatt lenger.

image

Eg får telefon frå ein journalist som spør om det er greitt at ho kjem til min første presentasjon på første turnédag, og det er sjølvsagt veldig kjekt, men eg er forkjøla og huda under nasen min har den særs vakre tendensen til å bli sår og raud. Eg skulle sjølvsagt gjerne ha pudra nasen litt (viktige saker) i fall det skulle bli tatt bilete. Så eg gjekk av garde (til fots – var sjeleglad for at eg hadde funne parkeringsplass, så ville ikkje risikere å miste han). Det stykket som ville tatt meg eitt minutt i bil, tok sju minutt å gå. Spar hadde ikkje eit stort utval i skjønnheitspleie (kven skulle trudd?), så eg gjekk tomhendt tilbake til skulen – litt småstressa for no byrja det å bli like før eg skulle vere der (ein halvtime på førehand). 

image

Det er vanskeleg å finne fram på skular. Er det berre meg eller er det noko andre opplever? I alle fall styrte eg på, fram og tilbake, og rundt, og fann til slutt nokon å spørje etter vegen. Då eg endeleg hadde funne fram til dit eg skulle møte opp, var det ingen der. Alle var hyggelege, og ville hjelpe, men det hjelpte ikkje når dei ikkje visste kvar eg skulle vere. Ti minutt før eg skulle starte, fann vi ut av dette. 

Og då … du trur vel ikkje at eg hadde klart å gløyme overgong frå Mac til VGA? 

Jau … 

Ein kan ikkje gløyme overgang til Mac. Det burde eg ha lært. Men vennlege folk lot meg låne ein pc. Denne hadde personlegheit (ein får vel seie det sånn, i Pollyanna si and). Til tider ville han ikkje meir. Han stoppa opp. På eit tidspunkt slo han seg berre av. Andre gongar var han trassig og venta med å skifte slide til vi hadde komme over på andre tema. Men elevane tok det med snill latter, og hjelpte meg å logge meg på, på nytt. Dei stilte engasjerte spørsmål og følgde med sjølv om teknologien sette seg på bakbeina. 

Gjennom dagen hadde eg min eigen storsal, der eg mellom øktene var heilt åleine, og kunne sitte i vindaugskarmen og sjå ut på Pollyanna som stod og sleika sol. Åleine, men nøgd. Det vil eg tru, i alle fall. 

image

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *