Coffices i Bergen: Starbucks i Neumanns gate

Ope: 07.00 – 21.00 (laur: 09.00 – 19.00, søn: 10.00 – 19.00)
Denne Starbucksen er så ny at han ikkje ein gong er å finne på Starbucks’ eigne sider, men han ligg i Neumannsgate, der Sumo låg før, like ved Godt brød i Vaskerelven.

Internett: Ja
Storleik på borda: Ok, ikkje store, ikkje små
Stikkontakter: Ja, mange
Atmosfære: Koseleg & stileg
Dagens kaffe: 27,-

image

Kven skulle trudd? Starbucks har komme med ein ny kafé i Bergen, og det er nesten flaut å innrømme det, men det er ein fin stad å arbeide. Kanskje ein av dei stadene i Bergen som faktisk har det ein treng: Både stikkontakter OG internett. Det er faktisk ikkje så mange Coffices i Bergen som har dette. I tillegg gir opningstidene deg stort spelerom til å velje kva tid du ønskjer å arbeide. 

Skal eg halde fram med mi Starbucks-lovprising? Litt meir: På veggen like innanfor døra er skrifta malt rett på veggen. Vi gjekk forbi ein dag det var ein målar der, som heldt på. Skrifta var prosjektert på veggen, så det er ikkje skikkeleg hardcore veggmåling, men det er i alle fall ikkje vinyl.

Og i tillegg speler dei fin musikk. Ein gong eg var innom spelde dei “I will be light” av Matisyahu. 

Noko negativt er det sjølvsagt: 

Litt harde stolar. Og det er ein stor kjede. Det tel svært negativt. Eigentleg burde eg ikkje hatt lov til å vere så positiv til dei. Men diverre er eg det altså. Når det kjem til ein stad å arbeide, som er både varm, romsleg og lett tilgjengeleg, scorar denne staden høgt. Dersom dette skulle bli ein svært populær stad, vil det bli mindre roleg, så det kan bli negativt.

I forhold til mi melding av Starbucks i kjøttbasaren, scorar denne Starbucksen mykje høgare. 

image

Musikk spelt over høgtalarane: 

Team – Lorde

I Really Need Love – The Bees

El Tren – Natalia Clavier

Fleeting One – First Aid Kit

Ink – Coldplay

I Believe In All The Things You Don’t – Bernhoft

(Dette er niande kafe i serien Coffices i Bergen)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *