Meir kjærleik i nynorsk enn bokmål?

Har du slått opp ordet “elske” i ordboka og lagt merke til skilnaden mellom forklaringa av ordet på nynorsk og bokmål? Ikkje berre er “kjærleik” kåra til Noregs vakraste ord, eg kan no dokumentere at det òg på andre vis finst meir kjærleik på nynorsk.

I oppføringa til bokmålsordboka blir ordet “elske” forklart med å refere til det å elske sol og varme, og det å høyre si eiga stemme. I nynorskordboka derimot kjem ulike skjebner fram. T.d. geita som ikkje vil elske kjeet sitt, og dei som elska (med kvarandre) heile natta. Dessutan har nynorsk sju forklarande ord på kva å “elske” er, medan bokmål berre bruker fire ord. Der bokmål nøyer seg med å seie “like” står det på nynorsk: “like (svært) godt”. Spør du meg så er det å elske nokon litt meir enn å berre “like” nokon. Det må i det minste vere å like nokon svært godt. 

1-0 til nynorsk

bokmål:

elske v1 (norr elska, av elskr ‘som nærer kjærlighet til’)

1 ha kjær, holde av, være glad i, like
e- mannen sin, kona si / jeg e-r deg / e- friheten, fedrelandet /e- sol og varme / han e-r å høre sin egen stemme
2 dyrke, beundre, forgude
e- Gud
adj i pf pt: avholdt
et e-t menneske
3 ha seksuell omgang (med)
de e-t (med hverandre)

nynorsk:

II elske v1 (norr elska av elskr adjektiv ‘kjær, glad (i)’; kanskje av ale)
1 ha kjær, vere (svært) glad i, vere hugteken i, halde av, like (svært) godt; setje høgt, ovundre
elske mannen sin, kona si / elske nesten sin / elske fedrelandet, fridomen
  • i perfektum partisipp: ho var høgt elska / eg elskar å reise
  • vørde (II), dyrke (II) elske Gud

2 kjæle, kline (med kvarandre); ha seksuell omgang (med)

dei elska (med kvarandre) heile natta

3 e- (noko) fram hjelpe fram (med kjærleik)

4 om hodyr: ta seg av, vedkjenne seg (ungen sin)

geita vil ikkje elske kjeet

image
 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *