Coffices i Bergen: Bergen kaffebrenneri

Opent: 08.00 – 19.00 (laur&søn: 12 – 19)
Thormøhlensgate 45, 5006 Bergen

Internett: Nei
Storleik på borda: God 
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Fin
Dagens kaffe: 30,-

image

Eg var veldig spent då eg skulle av garde til Bergen kaffebrenneri, for eg hadde ikkje høyrt om staden før og det er alltid ekstra kjekt å oppdage nye stader. Og det kjendest verkeleg som om eg var på nye eventyr då eg gjekk gjennom Nygårdsparken i solskin, før eg kom til veggen på biletet over. Eg hadde aldri tenkt over at det kunne ligge ein kafé her. Men jau, rundar ein hjørnet, er det denne koselege staden ein ser: 

image

Det var som å oppdage ei perle som har vore skjult.

Så til saka, korleis var det å bruke denne staden som eit Coffice? 

Det var koseleg, fin stemning. Triveleg bakgrunnsmusikk. Det var skinnsofa og ein gamal fløyelssofa, i tillegg til nokre større bord med stolar. Klokka ti, då eg sat der, var det roleg, passeleg renn av folk som ville ha formiddagskaffen sin. Men så er det sjølvsagt ein del bråk frå brenneriet. For her leikar dei ikkje kaffi, skjønar eg. Av og til høyrdest det ut som ein stri foss, andre gongar fylte knitring lokalet. Det gjekk an å leve med støyen, eg klarte å fortape meg i arbeid, men dette vil variere frå person til person. Det er ikkje den mest stillferdige staden. 

image

Pluss: Stilig lokale. Fint høgt bord å sitte og arbeide med. Triveleg musikk. Fann eit Vagant-blad som det var kjekt å lese i.

Minus: Ein del bakgrunnsstøy. Inga internett. 

Ekspertkommentator J seier at dei har veldig bra te. Te med ferske mynteblad. Alt er reindyrka. Det er bra. I starten var det irriterande med musikken, men så fungerte det. Minus med internett. Alt i alt veldig bra. Behageleg atmosfære. 

image

Utover dagen skifta musikken. Då eg først sat der var det tydelegvis ein cd av Hanne Hukkelberg som blei spelt. Etter kvart var det meir variert musikk: 

Searching – Hanne Hukkelberg
Little Girl – Hanne Hukkelberg
Cast Anchor – Hanne Hukkelberg
Gloria – Umberto Tozzi
Don Henley – The Boys of Summer

(Dette er sjuande kafe i serien Coffices i Bergen)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *