Coffices i Bergen: Krok og Krinkel

Open: 11.00 – 19.00 (laur&søn: 11.00 – 17.00)
Lille Øvregaten 14, 5018 Bergen

Internett: Ja
Storleik på borda: God 
Stikkontakter: Ja, men kan vere litt vanskeleg å finne
Atmosfære: Fin
Kaffe: 30,- 

image

Allereie fleire meter unna slår lukta av nybakte bakervarer imot deg. Og du må ned ei trapp for å komme inn i lokalet, der grammofonen står på ein liten kamin og kafékjøkkenet er eit kjøkken. Bokhyller fyller mange av veggane, og bøkene er til sals. Globus heng frå taket. Og det er både sofaer og stolar å sitje i. 

Ein triveleg stad for å arbeide. 

image

image

image

Eg har høyrt nokon kalle det ein alt for søt kafé, og komme med det retoriske spørsmålet: – Har du nokon gong høyrt ein gut seie at det er koseleg der? 

Eg veit ikkje det, men det var i alle fall fleire gutar/menn der, som så ut til å trivast. 

image

Lyd frå kjøkkenet, der servise og glas blir sett i oppvaskmaskina. Det høyrest ut som om ein er heime hos nokon som har mange på besøk, der alle er avslappa og sit i ulike krokar og snakkar to og to eller jobbar på datamaskina. 

Musikken spelast på eit behageleg nivå, sjølv om den kan karakteriserast som nokså bråkete musikk. 

Fekk tak på ein song; Pills – New York Dolls

Så stoppa musikken – og det var fint for å få meir arbeidsro. 

Vi sat nær døra, og der var det litt kaldt. Elles var det ei særs god oppleving.

To ekspertkommentarar:

J: Kanskje litt irriterande med musikken, elles lyst og bra og fint med stikkontakt. Koseleg med bøker. Mango-teen var god, og det var mykje utval. 

A: Krok og krinkel – favoritten. God atomsfære, lukter alltid godt og nystekt. Ofte fullt. Og på vinteren litt kaldt. Kan ha forbedret seg på varmen siden jeg bodde i Bergen. Nå er jeg bare innom i ny og ne. Synes det er en fin plass å jobbe. Veldig hyggelig personale. Virkelig et sted med sjel. Her finnes ikke så mange stikkontakter, så hvis man er heldig så er de rette bordene ledige.

(Dette er sjette kafe i serien Coffices i Bergen)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *