Coffices i Bergen: Frieles Kaffe

Open: 07.00 – 17.30 (søn: 9.30 – 17.30)
Strømgaten 2, 5015 Bergen

Internett: Nei
Storleik på borda: Fin
Stikkontakter: Ja
Atmosfære: Veldig triveleg
Liten kaffe: 30,- (m/ påfyll)

image

Det var den veka det var så fint vêr, men tidleg onsdag morgon var det framleis overskya utafor. Perfekt å starte dagen på ein roleg kafé med jazzmusikk i bakgrunnen. 

image

Alt etter kva dør du går inn, kjem du anten inn i ein tradisjonell kafé (via inngangen til jernbanehallen) eller så kjem du inn i ei stove, med ein liksompeis, bokhyller og stolar med pute i. Atmosfære er roleg og triveleg, og sit du her er det óg veldig stille sidan kaffimaskina er langt unna og buldringa frå den ikkje når rundt hjørnet. Eit frukostrundstykke kan du kjøpe til 49,-. 

PLUTSELIG! Høgtalaranlegget sprakar opp og annonserer at toget kjem inn frå Voss. 

image

Alt ligg til rette for at dette er eit veldig fint coffice, utanom ein sentral ting: Ikkje noko internett. På spørsmål svarar dei i kafeen at dei ikkje er sikre på kvifor dei ikkje har internett. 

Internett ville gjort staden nokså perfekt. 

image

Pluss: Veldig roleg og fin stad som passar perfekt til å arbeide. Og viss du ikkje ønskjer å bli distrahert av internettets mange lumske sider, er det lite som taler imot denne staden. Det er mykje ledig plass her ein vanleg formiddag, og på grunn av stilla passar det óg godt å gjennomføre eit intervju her. 

Minus: Ikkje internett. Og stolane lagar mykje lyd når dei blir skyve inntil/bort frå bordet. 

Musikk spelt over anlegget: 

Goodbye – Lizz Weight
East of the Sun (And West of the Moon) – Diana Krall
The look of Love – Diana Krall
Let’s Fall in Love – Diana Krall
Lead The Way – Lizz Weight

(Ut frå musikken er det tydelegvis her ein kan friske opp eller finne kjærleiken. Kanskje skal du ta turen hit på din neste date?)

(Dette er femte kafe i serien Coffices i Bergen)

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *