Coffices i Bergen: Brunello

Open: 08.00 – 17.00 alle dagar, langope til 19.00 på torsdagar
Olav Kyrres gate 31, 5014 Bergen

Internett: Nei
Storleik på borda: Ok
Stikkontakter: Berre med sofaen
Atmosfære: Fin utsikt til gatelivet

image

Det var ein laurdag formiddag at eg var innom Brunello, og det var kanskje ikkje det beste tidspunkt for ei roleg jobbeøkt. Mange andre var innom, og praten gjekk lett (og gjerne høgt) på dei andre borda. Men at han er så populær seier noko om at dette er ein svært tilgjengeleg, triveleg liten kafé der du kan sitte og sjå ut på gatelivet, og nyte diverse bakervarer og smørbrød. Stolane er mjuke, og i eine enden finst ein sofa å sitje i. 

Eg har òg vore innom tidlegare då det har vore rolegare, og dei har ein kaffi mocca med deilig, smelta sjokolade i. 

image

Denne gongen har eg fått ein kort ekspertkommentar frå Astrid som har vore på svært mange kafear i Bergen, og har oversikt over det meste. Ho skriv dette om Brunello: “God mat, tror de kun har uttak ved sofaen, ingen wifi. Veldig ålreit plass, lyse lokaler og enkelt å kikke ut på gatelivet:)”

Pluss: Yrande gateliv, sentralt plassert. Mjuke stolar, god mat og fin stad å arbeide.

Likevel, det er nokre viktige minus: Ingen internett eller stikkontakt.

(Dette er fjerde kafé i serien Coffices i Bergen)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *