Skriving som arbeid

Korleis skal ein jobbe med skriving? Eg har alltid syntest det er veldig interessant å lese og høyre om korleis forfattarar arbeidar. Ofte tar eg notatar. Forfattarar kan ha heilt ulike måtar å forholde seg til skrivinga på, og samstundes er det ofte aspekt eg kjenner meg att i.

For å starte skrivinga er det viktig å ha noko å skrive om. Det kan ein få ved å vere vaken og merksam på ting rundt seg, suge til seg inntrykk og legge vekt på dei små, rare tinga som skjer i løpet av ein dag.

“Jeg øver mig på at være en magnet af en slags; billeder, motiver, småting, samler materiale og stof som kan oversettes, laves om til ord.”

Ditte Pradsgaard Holm*

image

Men sjølv om ein er den beste til å suge til seg stilige ord og lauv på bakken, fjellandskap og similer, er det eit heilt verdshav av ting ein ikkje kan, og kunnskap ein aldri kjem til å få.

“Bebreide seg for alt ein ikkje kan. At ein ikkje har noko å fare med. Kunnskapen ein ikkje har.”

Terje Tørrisplass*

Når ein då skal prøve å skrive noko likevel, på grunn av eit eller anna dumdristig hugskot om at ein kanskje likevel kan ha noko å komme med, kunne ein tenkje seg at det er herleg å skue utover eit heilt tomt og kvitt A4-landskap, og på sett og vis kan det vere det, og på andre vis kan tomheit vere det som er vanskelegast å fylle.

“Tyngst og best: å skrive det som ingen har bedt deg om å skrive.”

Gunnar Wærness*

Med bokstavar på papiret er ikkje arbeidet naudsynt berre å halde fram med å få fleire bokstavar på papiret. Like gjerne handlar det å vere forfattar om den konstante prosessen som Terje Dragseth skildrar:

“Mitt arbeid: å lese, å skrive, å analysere det jeg leser, det jeg skriver, mens jeg leser.”

Terje Dragseth*

image

Og for å kunne gjere sånt er det klart at ein ikkje har tid til å følgje med på kva nyaste mote er, eller kva type diett som er in.

“hvor vesentlig det har vært å stenge ute all verdens tidsmessige gyldigheter, som om det er den babelske forvirring jeg forsøker å styre klar av”

Rune Christiansen*

image

Midt oppi alt saman kan ein bli så oppslukt av sitt eige arbeid at ein ikkje legg merke til kva som skjer rundt ein, ei heller at magen gnurar fordi han lengtar etter mat.

“Som det är när man är mitt uppe i sin diktning. Arbetet satte hörselkåpor på mig”

Martin Bengtsson*

image

Natt og dag kan gå med til å skrive. Ein kan bruke tid på å leve seg inn i ein annan sitt hovud, og sjå verda med ein framand sine auge. Det er ikkje alltid like avslappande. I periodar kan det rett og slett vere at ein ser ekstra mørkt på livet, berre fordi dette er synet karakteren har. 

“jeg er ikke sikker, men å leve med en romankarakter tror jeg kan føre en på grensen til galskap”

Kjersti Arnfinnsen*

image

Ord stabla opp på ord. Personar får liv i ulike landskap eller konstruksjonar av ord får vingar og har potensiale til å fly inn i magen på lesaren. Om ein skal nå målet om å skrive ei bok, er det først og fremst snakk om å arbeide, eller som Morten Langeland formulerer det:

“Å klare er et spørsmål om å gidde.”

Morten Langeland*

*Sitata er henta frå Skriftserien Ir i utgåva som handla om arbeid  – det var svært kjekk og interessant lesing som varmt anbefalast.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *