Fantastisk litteratur

image

Gollum (Andy Serkis) i Hobbiten: En uventet reise (Foto: Warner Bros. Pictures)

Nokre av dei første leseopplevingane eg hadde var frå Fantasybøker. Då eg var seks år, las pappa Hobbiten for meg. Einaste grunnen til at han ikkje hadde lese boka til meg tidlegare, var fordi vi berre hadde hatt Hobbiten og Ringenes Herre på engelsk fram til då. Det var utroleg å reise gjennom Villenland, og Myrkskog, fingeren på kartet før og etter lesinga, oppleve troll på nært hold og ikkje minst få komme til Alvekongens saler.

Narnia-bøkene var óg store suksessar. Kvar gong pappa kom heim frå reise hadde han med seg ei ny bok i serien. På den måten var det litt fint når han skulle bort, for då hadde eg noko veldig spanande å sjå fram til. 

image

På torsdag var det eit arrangement om norsk fantasi på litteraturhuset i Bergen. Tonje Tornes, Kristine Tofte og Tone Almhjell møttest til samtale leia av redaktøren for Panthera, Anette Sivertstøl.

Det har vore ein oppsving rundt den fantastiske litteraturen dei siste åra og Tornes, Tofte og Almhjell kan seiast å vere del av ein ny, norsk fantasybølgje. Det har skjedd ei endring dei siste fire åra. I 2009, då Tofte si første bok i trilogien Song for Eirabu kom ut, presiserte meldaren at fantasy er ein litt kårni sjanger: “Fantasy er en selsom sjanger, og nærmest litt corny for dem som ikke er hekta.” No er meldingane heilt annleis (som meldingane av Hulder, Song for Eirabu og Vindeltorn), sjangeren er meir respektert og fantasybøker kjem inn på boklistene.

Tofte nemnde noko eg kunne kjenne meg att i. Det er først og fremst fantasy som kan få ein til å falle gjennom portalen til ei ny verd. Fantasybøker klarer å suge meg inn i handlinga, nærast slik det var då eg leste bøker som barn. Ei sosialrealistisk bok får gjerne ikkje til dette på same måten. 

image

Den norrøne mytologien er ei verdifull kulturarv. Britane har brukt av han (som J. R. R. Tolkien og C. S. Lewis). Hollywood har óg lånt og brukt (eller misbrukt, alt ettersom). No er det fint å sjå fleire nordmenn ta i bruk dette store registeret som ligg i historia vår, sagna og legendene, huldra og nøkken, alvar og tussar.

Så kva er det som er så fantastisk med fantastisk litteratur?

Fantastisk litteratur er litteratur for gode ideer, meinte Kristine Tofte.

Det er noko ekstra fint med det å kunne krølle seg saman i sofakroken, opne boka og døra til ei ny verd, med forunderlege skapningar og overveldande landskap. Og når ein lukkar boka, har ein gjerne fått nye og litt framande auge til å sjå på sitt eige liv med. Det kneisande fjellet som lener seg over huset ditt, er kanskje kongshallen til ein flokk tussar og troll. Og bakom blånene, og naboen sin åker, kven veit kva for eventyr som ventar der.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *