Av og til saknar eg Bo

I løpet av to år, medan eg skreiv Beina i gitaren, blei eg godt kjend med hovudkarakteren Bo. No når eg ikkje skriv om ho lenger, kjenner eg av og til eit lite sakn etter ho. Det merka eg i dag då eg høyrde på songen “Händerna mot himlen” som eg følte minte meg om nokon – og så kom eg på at det var Bo han minte meg om. Eg lurer på kva ho gjer no, tenkjer eigentleg at ho smiler og ler litt meir, har blitt eldre, tryggare, men kanskje likevel rarare. På den bra måten. 

Ho er ein fin person, sjølv om det til tider kan vere vanskeleg å oppdage det. Kanskje er det litt rart at eg tenkjer om ho slik, som om ho skulle vere noko meir enn mitt eige fantasifoster. Men samstundes så føler eg jo at ho er meir, ho har fått si eiga bok, eg har vore saman med ho i to år, og no får ho liv i andre sine tankar, slik som hos lærarstudentane i Volda som har hatt Beina i gitaren på pensum. Dei diskuterte ivrig personane i boka.

Det var spesielt då min far fortalde at han, ei stund etter at han hadde lese boka mi, høyrde på “Kanskje du behøver noen” av CC Cowboys og tenkte at det var nokon han gjerne skulle ha tipsa om songen. Så kom han på at det ikkje var ein “ekte” person han tenkte på, det var Bo. 

Kanskje vil du bli betre kjend med Bo? Treng du lesestoff i jula t.d. eller vil du gi ei bok i julegåve? Beina i gitaren er i alle fall å få tak i, i ein bokhandel nær deg eller hos haugenbok.no eller ebok.no.

Kanskje har du karakterer eller bøker som du har knytta songar til?  

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *