Nynorsk er bynorsk

image

Denne veka var eg på Ålesund bibliotek saman med Terje Torkildsen og snakka om bøker, skriving og kvifor eg skriv på nynorsk. Skuleklassar frå ungdomsskulen og vidaregåande tok turen då biblioteket ønska å sette fokus på bokmålsøya i nynorskhavet. Slagordet for hendinga var “nynorsk er bynorsk”, sidan det jo er slik at ålesundsdialekta ligg mykje nærmare nynorsk enn bokmål. 

Eg hugsar sjølv at mange i klassa mi på ungdomsskulen og vidaregåande irriterte seg stort over at vi måtte lære nynorsk, og dette var ein av grunnane til at eg bestemte meg for å skrive meir på nynorsk. Eg fokuserte først på å skrive nært opptil sånn eg snakkar, og etterpå sjekka eg ordlista. Eg ville ikkje stoppe skriveflyten med å bekymre meg for at alt var rett, det kunne eg sjå på til slutt. På denne måten blei nokså enkelt å skrive på nynorsk, utan at eg blei hemma av å først måtte lære mange reglar. Eg trur òg det hjalp meg til å bli meir munnleg i skrivinga mi.

image

Ikkje berre skriv ålesunderane på bokmål, det viser seg òg at mange frå øyane omkring skifter frå nynorsk til bokmål når dei byrjar på vidaregåande. Biblioteket ønska med denne hendinga å få fram at nynorsk i høgste grad er eit skriftspråk for dagleglivet, ikkje berre eit høgkulturelt, lyrisk språk. 

Det var to spanande dagar, med elevar som hadde mange spørsmål. Og siste dagen braut òg sola gjennom skylaget.image

Andre er òg opptatte av å snakke varmt om nynorsken for skuleelevar. Kristin Fridtun har skrive boka  Nynorsk for dumskallar. I år har Ivar Aasen 200-årsjubileum, og i høve dette har Fridtun tatt på seg oppdraget med å halde føredrag om Ivar Aasen for elevar og studentar landet rundt. 

Til NRK.no seier Fridtun at “Hvordan kan ungdommen finne på å være imot et skriftspråk? Her er det holdninger som er adoptert og bare har grodd fast.” Hos NRK.no kan du lese heile intervjuet.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *