Metainnlegg om blogging

I dag les eg om blogging i Øyvind Prytz’ Litteratur i digitale omgivelser, og tar meg i å fundere på kvifor eg aldri heilt har forstått denne blogginga. Det vil seie, eg kan godt lese andres bloggar. Det er noko veldig fascinerande og tiltrekkande med blogging, og på vidaregåande vurderte eg å opprette ein fiktiv blogg og skrive blogginnlegg som skulle verke ekte, men som blei meir likt ein roman. Og eg skriv nokså ofte sånn elles, i tomme worddokument, på post-it-lappar, i mjuke skrivebøker, eg er kanskje over gjennomsnittet glad i å skrive, og likevel sprett ikkje blogginnlegga ut av meg som sesamfrø på ei varm panne.

Kva er ein blogg?

Når nokon skal forklare kva ein blogg er seiast det at sjølve mediet legg til rette ein viss umiddelbarhet i uttrykket, det vil seie at bloggtekstane ikkje nødvendigvis trengst å redigerast på same måte som tekstar til trykk. Torvund har kalla Twitter notatboka si, at han der kan publisere notatar og tekstar som kanskje er under utvikling, som kanskje aldri når bokformatet.

Jill Walker Rettberg har skrive at det å følgje ein blogg er som å bli kjent med nokon, og Hans K. Rustad argumenterar for at bloggane representerer ein slags uferdig estetikk. Fortellinga blir ikkje slutt, den er notidig, det vil komme meir. Berre i enkelte høve blir det ein slutt, som når Linnéa Myhre sette sluttstrek for bloggen Alt du vet er feil i oktober 2012.

Sjølvutlevering og sjølvframstilling er to aspekt i spenning under blogginga, kanskje spesielt i personlege bloggar. Blogginnlegga blir utdrag frå verkelegheita eller ei tenkt verkelegheit. Noko blir utelatt, noko kanskje forsterka. Det skjer eit utval som er med på å skape eit bestemt inntrykk.

Martin Grüner Larsen har skrive masteravhandlinga Tid, tekst & tanke. Webloggen som essayistisk prosess og skildrar bloggtekstar som essayistiske – “en intellektuell rastløshet, en kjærlighet for sitat og det tilfeldige, og den uforpliktende og innfallspregete språklige leken”.

Gløymer å sleppe seg laus

Og i dette ligg kanskje det eg gløymer med mi blogging, det å sleppe seg laus, leike seg. Bloggtekstar er ikkje definitive på same måte som Utfor og Beina i gitaren som no har fått si form, blitt trykt opp og sendt av garde. Eit blogginnlegg kan eg endre etter at det er lagt ut. Først og fremst verkar det å vere viktig for ein blogg å ha hyppige oppdateringar. Det kan vere skummelt for ein som gjerne les gjennom tekstane sine 200 gongar, og skriv dei gjennom og endrar og klipper cirka 100 gongar.

Det var nokre raske tankar rundt blogging, no skal eg berre lese ein gong gjennom dette. Prøve i alle fall.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *