NMU’s sommarleir

Frå 9. – 14. juli hadde Norsk Målungdom sommarleir i Ørsta, og eg fekk komme på torsdagskvelden for å ha forfattarstund. 

Frå austlandssommar flaug det vesle flyet vårt over snøkledde, stålblå og steile fjelltoppar. I små fjellvatn spegla sola seg i skarpe blink.
Ørsta var varm og grønkledd oppover fjellveggane.

Ottar Grepstad fortalde frå boka hans som kjem i august, om Ivar Aasen som hadde ein plan og aldri snudde. Aasen blei arg når folk snakka nedsettande om almuespråket, og han ønska å gi allmuen eit språk og på den måten gi det større status.

Eg fekk møte ein svært fin gjeng ungdommar på leir. På kveldinga var det speleglede. Sveitt og hektisk med Ligretto, og språkglede og hjernetrim med Scrabble.

Heile vegen blei eg tatt godt vare på, og enda opp med å få mi eiga forfattarsuite på lærarrommet – for ein luksus!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *