Orientalsk natt ved bålet

image

I går sat vi på taket av det som likna ein moské, men som eigentleg var ein tobakksfabrikk. Ut av dei forseggjorte kuplane, stakk det piper. 

imageimage

Inni den største, blå kuppelen fekk vi gå opp. Fuglar hang i taket. Det var varmt som i ørkenen. Ein varm, fuktig og omsluttande klem. 

Ein mann kledd i fotsid grønn kjortel kom gåande mot oss. Han sette seg ned framfor oss og byrja å fortelje. 

image

I orienten fortalde dei ikkje eventyr for å få barn til å sove. Det var dei vaksne mannfolka som fortalde til kvarandre, då dei sat rundt bålet om nettene og måtte halde seg vakne. 

Mannen i den grønne kjortelen fortalde med innleving. Utan andre hjelpemidlar enn seg sjølv, si eiga stemme og gestene sine. Ingen powerpoint, ingen musikk. Så oppslukt er det lenge sidan eg har vore. Underhaldning på høgt nivå. 

Historiene handla om kongar og handelsmenn, store skattkammer og kjærleik. Etter kvart som kvelden gjekk vart historiene meir og meir pikante, så ingen skulle sovne. Fleire av eventyra var over 3000 år gamle, men som mannen i kjortelen sa, dei er like gode i dag som då for menneska er alltid dei same

image

Mellom kvar historie starta musikken opp. Mannen i kjortelen fortalde om Avani, magedansaren frå den kongelege balletten, så vakker at ingen ville kunne klare å skildre skjønnheita hennar. – Og så dukka ho opp, nett som i eit eventyr, og dansa for oss. 

Så fint å oppleve god formidlingsevne og historier som får liv i lufta mellom oss som høyrer på. 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *