What to do in NYC

image

Det har vore nokre forunderleg fine veker i New York. Takk vere folk som kjenner New York betre enn oss, fekk vi mange tips om kva vi burde oppleve. Vi sette stor pris på det. No har eg samla tipsa, og lagt til våre eigne tips, viss andre skulle vere så heldige å dra til New York og ønskjer å vite kva ein kan oppleve.

Dagane våre var fulle av opplevingar, og likevel var det så ufatteleg mykje vi ikkje fekk gjort. Har du fleire tips, så gjerne nemn det i ein kommentar. Eg skal nok tilbake ein annan gong.

Fine ting å gjere i NYC

  • Setje seg på t-bana og dra av garde. Sørover i Brooklyn t.d.
  • Bli overrumpla av gode artistar og musikarar på t-bana
  • Sjå himmellina (skyline) frå Brooklyn Heights, gjerne med denne songen på øyret.
  • Sitje i ein fin park og sjå på menneske. Høyre brokkar av samtalar, som henta ut av amerikanske filmar:

“I can endure the rent”
“It’s jealousy”
“I don’t understand why she picked him”
“Men that have lots of money treat you crazy”

  • Klatre opp i eit tre og sjå utover
  • Ligge på ein varm plen
  • Ta ferga til Staten Island, hoppe på ein buss og sjå solnedgangen i den botaniske hagen
  • Besøke bruktbutikkar og gå på loppemarked
  • Bli kjent i eige nabolag
  • Sjekke kva band som spelar i byen og spontant kjøpe konsertbilletar til noko som kan verke fint (t.d. Lianne La Havas og Jamie N Commons)
  • Sjå på dei lokale nyhetene
  • Gå innom den lokale kafeen og kjøpe ein bagel med cream cheese
  • Kjøpe jamaikansk ingefærøl (gjerne med ananas) frå ein av vognene i Brooklyn
  • Jakte på fine solnedgangar og oppgangar

image

Restauranter

  • Skytown under togspora på Broadway, der Bushwick møter Bed-Stuy. Fin stad med sjel og atmosfære.
  • Sea i Williamsburg. God thai-mat, svært gunstig lunsjtilbod med både forrett og hovedrett.
  • Song i Park Slope er ein annan stad for god thai-mat til god pris
  • Northeast Kingdom i Bushwick, ein hip og populær stad med gode burgarar t.d.
  • Tom’s i Brooklyn, ein svært god plass for pannekaker til frukost. Hyggelege servitørar og store mengder mat.
  • Tortilleria Mexicana Los Hermanos i Bushwick, kjennest autentisk og ekte, i eit fabrikklokale som lagar tortillas får ein servert maten på pappfat med plastikkbestikk – veldig god mat, og veldig rimeleg
  • The Meatball Shop gir ein ny måte å oppleve kjøttbollar på. Kombinasjonane er mange.
  • Red Hot Szechuan Restaurant i Park Slope, bra kinesisk mat, stort utval og lykkekakene får ein til slutt
  • The Grey Dog har svært gode sweet potato fries på menyen
  • Arepera Guacuco i Bushwick, serverer gode Arepas
  • Roberta’s i Williamsburg, ei nærast skjult dør ledar inn i eit stilig lokale og gjestane var mange, så det var tydeleg at folk visste om denne staden.

Og viss du lurer på kor mykje du skal tipse: 15-20%. Er du like dårleg i hovudrekning som meg er det kjekt å vite at taxen er på 8%, så viss taxen står oppgitt er det berre å doble han, så har du 16%. 

Gode plassar å ta med datan for å jobbe

image

Foto: Vidar Flak

Bøker og litteratur

  • Barnes and Noble i mange etasjar, stort utval skrivebøker som var annleis og spanande det ein ofte finn elles
  • Strand Bookstore arealet er svært godt utnytta til mange bøker, og utafor er det fullt opp med brukte bøker – muleg å gjere fleire kupp
  • Poets House har fleire arrangement i veka, det er eit nasjonalt poesibibliotek og litterært senter.
  • Community Bookstore i Parkslope er ein av dei eldste uavhengige bokhandlarane i Brooklyn. Her er det òg arrangement som kan vere interessante. 
  • Greenlight Bookstore i Fort Greene er ein annan uavhengig bokhandel med gode arrangement. Vi fekk med oss eit veldig interessant, med servering av gode ostar og sjokoladekjeks. 
  • Bookcourt i Cobble Hill er òg verdt å sjekke ut, med sine arrangement. 
  • Housing Works sin bokhandelcafé er ein veldig koseleg café med bokhyller, store bord ein kan jobbe på og god lunsjmat. 

image

Williamsburg Bridge. Foto: Vidar Flak

Parkar

  • Central Park, sjølvsagt. Fint å jogge rundt reservoaret. Gå frå nord til sør. Finne ein stein å sitje på for å lese eller teikne.
  • High Line Park arkitektonisk svært interessant, bygd på gamle togliner, god utsikt til Manhattan.
  • I Alphabet City er det fine små hagelommer som det er fint å gå innom.
  • Prospect Park i Brooklyn er ein flott park, litt rolegare og mindre turistifisert enn Central. I stallen like ved er det mulig å få leie hester for ein ridetur i parken.
  • Botanisk hage i Brooklyn har mange ulike plantar, og mulegheita til å oppleve regnskog og ørkenklima m.a. Tidleg på året er det tydelegvis gratis inngang
  • Botanisk hage på Staten Island fine små hager med ulike stemningar
  • Sunset Park er ein liten park med god utsikt, men ikkje på høgde med dei øvrige.

Broer å krysse

imageBrooklyn Bridge

Nyttige applikasjonar

  • Embark er verkeleg hjelpsom, du kan finne ut når toget går, finne næraste stasjon, rekne ut tida det vil ta, finne nye destinasjonar: alt utan å vere tilkobla nettet. Viss ein har nett, kan ein i tillegg søkje på adresser og finne beste reisestrekning. Finst óg for android. 
  • Google Maps er kartet på innerlomma, for å søke etter stader trengst internett, men viss ein berre zoomar inn på stader på kartet som ein kjem til å trenge kan ein bruke gps-en óg utan nett.
  • My Places for Google Maps gir tilgong til eigne stader, og det er muleg å søkje på t.d. restaurantar i nærleiken.
  • Bandsintown Concerts gir oversikt over konsertar i nærleiken, og dirigerar vidare til billettsal.

Kirker
Det var svært fint å få vere på gudsteneste i nokre av kirkene i New York. Alle kan varmt anbefalast; gode talar, god mottaking og god musikk. I tillegg er det ein bra måte å møte dei som faktisk bur og jobbar i denne byen.

I tillegg fekk vi tilfeldigvis med oss Faith and Work night, der eg kom i kontakt med nokre forfattarar i New York og fekk sjansen til å møte desse over ein matbit seinare. Kjekt å møte andre som skriv, for det er alltid noko felles der.

image

Coney Island. Foto: Vidar Flak

Bruktbutikkar

Bruktbutikkane i New York er bra stader for å finne klede til ein rimeleg penge (eller meir eksklusiv vintage-klede til høgare pris). Det er alltid ei oppleving å komme inn i ulike butikkar og bla seg gjennom kleder, tider og ulike stiler. Nokre av butikkane vi var innom, var: 

Andre severdigheiter

  • St John Divine Church har det største “interior” i verden. Vi var så heldige å få oppleve ein gratis vokalkonsert der òg. Nydeleg å sitje i det store rommet og høyre den klare songen.
  • Guggenheim har dagar då det er betal det du sjølv ønskjer, og er eit spanande museum i eit spanande bygg. 
  • 9/11 Memorial har blitt ein stad for refleksjon, med store hól i bakken der vatnet renn ned. Det er framleis i byggefasen, men gjer likevel inntrykk.
  • Coney Island er verdt eit besøk, sikkert endå kjekkare viss tivolia er opne, men uansett fint å vere på ei strand

Andre tips vi fekk, men ikkje rakk å sjekke ut

Og lista kunne vore mykje lenger, men no må dette innlegget få ei ending.

imageFuglar i Prospect Park, Brooklyn. Foto: Vidar Flak

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *