Å lese med fingrane

Strange Rain er ein applikasjon for iPad, iPhone og iPod touch som fortel historia til ein mann som stiller seg ute under open himmel. Det regnar, ein høyrer korleis regnet treff bakken. Stemninga blir heilt spesiell, ein kan sjølv regulere kor mykje det skal regne, sjølv trykkje på skjermen og få ord og spredte tankar til å dukke opp. Ved å røre på iPaden, er det tydeleg at himmelen vi ser er større og at det går an å sjå han frå ulike vinklar.

Det har skjedd ei familietragedie. Mannen står og blir vasstrekt av regnet. Ved å ta fingrane mot skjermen kjem dei spredte tankane hans fram, nokre går i ring, andre avdekkjer litt og litt av kva det er som eigentleg har skjedd. Mannen blir dratt mellom det å ville at nokon skal sjå han (I want them to come out and find me) og at han berre vil bli ståande (I wish I could stay here forever) eller forsvinne for godt. Han spør seg sjølv om han berre er sjølvisk, for han burde ikkje vere opptatt av kva alle andre tenkjer, men korleis søstera hans har det, som tydelegvis har vore i ei ulykke.

Det er spanande å få følgje med på desse spredte tankane, og det er ein interessant måte å oppleve historia på. Dette er ein applikasjon eg varmt vil anbefale.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *